Generelt

Definerer eigenskapane for den valde kontrollen eller det valde dialogvindauget. Kva for eigenskapar som er tilgjengelege er avhengige av kva type kontroll som er vald. Dei følgjande eigenskapane er difor ikkje tilgjengeleg for alle kontrollane.

Auk/senk verdien

Bestemmer steg-verdien for rulleknappar.

Autoutfylling

Vel «Ja» for å opna for funksjonen autofyll for det valde kontrollelementet.

Bakgrunnsfarge

Vel bakgrunnsfargen for det gjeldande kontrollelementet.

Bilete

Oppgje kjelda til grafikken for ein knapp eller ein biletkontroll. Klikk på «…» for å velja ei fil.

Breidd

Set breidda på det aktive dialogvindauget eller kontrollelementet.

Dato

Skriv inn standarddatoen som skal visast i datokontrollelementet.

Datoformat

Skriv inn det ønskte formatet for eit datokontrollelement. Eit datokontrollelement les inndata frå brukarane ut frå denne innstillinga.

Desimalpresisjon

Skriv inn talet på desimalar som skal visast for eit numerisk kontrollelement eller eit valutakontrollelement.

Etikett

Spesifiserer merkelappen for det gjeldande kontrollelementet. Denne vert vist saman med kontrollelementet.

Du kan laga etikettar med fleire linjer ved å setja inn manuelle linjeskift ved hjelp av tastekombinasjonen Shift + Enter.

Fleirval

Vel «Ja» for å tillata at fleire oppføringar i kontrollelement for ei liste kan merkjast.

Foranstilt symbol

Vel «Ja» om du vil visa valutasymbolet som prefiks i valutakontrollar når eit tal vert skrive inn.

Forseinking

Gjev forseinkinga i millisekund mellom hendingsutløysarane for rullefeltet. Ei hending vert utløyst når du trykkjer på ei pil eller på bakgrunnen i rullefeltet. Held du nede museknappen medan musepeikaren er over ei pil eller bakgrunnen i rullefeltet, vert hendinga repetert så ofte som oppgjeve her. Du kan i tillegg også skriva inn gyldige tidseiningar, som for eksempel 2 s eller 500 ms.

Framdriftsverdi

Bestem ein framdriftsverdi for ein framdriftsvisar.

Gjenta

Repeter utløysingshendingar når du held museknappen nede på eit kontrollelement som t.d. ein talknapp.

Hjelpeadresse

Bestemmer hjelpeadressa som skal kallast opp når «F1»-tasten vert trykt når fokus er på eit bestemt kontrollelement. Du kan for eksempel bruka formatet «HID:1234» for å kalla opp hjelpe-id-en med nummer1234.

Definer miljøvariabelen HELP_DEBUG til 1 for å vise Hjelpe-ID-ar som utvida hjelptips.

Hjelpetekst

Skriv inn ein hjelptekst som skal visast som ein tipstekst når musepeikaren kviler over kontrollelementet.

Høgaste dato

Skriv inn øvre grense for eit datokontrollelement.

Høgaste framdriftsverdi

Bestem den høgaste verdien for framdriftsvisaren.

Høgaste tid

Set den største tidsverdien for eit tidskontrollelement.

Høgaste verdi

Set den høgaste verdien for det aktive kontrollelementet.

Høgd

Spesifiser høgda på kontrollelementet eller dialogvindauget.

Høgste rulleverdi

Bestem den høgaste verdien for eit rullefelt.

Justering

Spesifiser justeringa for det valde kontrollelementet.

Kan redigerast

Bestemmer om noder i trekontrollen kan redigerast.

Normalverdien er USANN.

Kantlinje

Bestemmer kantlinjetypen for det gjeldande kontrollelementet.

Knapptype

Vel ein knapptype. Dei ulike knappane har ulike funksjonar.

Listeoppføringar

Bestem oppføringane for ei liste. Kvar linje tek ei oppføring. Trykk Shift + Enter for å setja inn ei ny linje.

Lita endring

Skriv kor mange einingar feltet skal flytte seg når ein brukar klikkar på ei av pilene i rullefeltet.

Lågaste dato

Oppgje nedre grense for eit datokontrollelement.

Lågaste framdriftsverdi

Bestem den lågaste verdien for framdriftsvisaren.

Lågaste tid

Set den lågaste tidsverdien for eit tidskontrollelement.

Lågaste verdi

Set den minste verdien for det aktive kontrollelementet.

Manuelt linjeskift

Vel «Ja» for å tillate manuelle linjeskift i kontrollelement med fleire linjer.

Minste rulleverdi

Bestem den lågaste verdien for eit rullefelt.

Namn

Skriv inn eit namn for kontrollelementet. Namnet vert brukt for å identifisera kontrollelementet.

Nedtrekk

Vel «Ja» for å slå på nedtrekksinnstillingane for liste- eller kombinasjonsboksar. Kontrollfeltet for nedtrekket har ein pilknapp som du kan trykkja på for å opna lista over dei eksisterande skjemaelementa.

Passordteikn

Skriv inn eit teikn som skal visast i staden for teiknet som vert skrive inn. Dette kan brukast for å skriva inn passord i tekstkontrollar.

PosisjonX

Bestemmer avstanden mellom kontrollelementet og den venstre sidekanten i dialogvindauget.

PosisjonY

Bestemmer avstanden mellom kontrollelementet og den øvre sidekanten i dialogvindauget.

Vel «Ja» for å aktivere kontrollelementet. Dersom kontrollelementet er deaktivert, er det gråa ut i dialogvindauget.

Radhøgd

Set høgda (i pikslar) for kvar rad i ein trekontroll.

Dersom verdien er mindre enn eller lik 0, vil radhøgda vere maksimalhøgda for alle radene.

Normalverdien er 0.

Redigeringsmaske

Oppgje redigeringsmaska for eit mønsterkontrollelement. Dette er ein teiknkode som bestemmer inndataformatet for kontrollelementet.

For kvart teikn som skal skrivast inn i redigeringsmaska må du også spesifisera eit masketeikn som avgrensar innskrivinga til verdiar som er lista opp i denne tabellen:

Teikn

Tyding

L

Ein tekstkonstant. Dette teiknet kan ikkje endrast av brukaren.

a

Bokstavane a-z kan skrivast inn her. Dersom det vert skrive inn ein stor bokstav, vert han automatisk gjort om til liten bokstav.

A

Bokstavane A-Z kan skrivast inn her. Dersom ein liten bokstav vert skriven inn, vert han automatisk gjort om til stor bokstav.

c

Teikna A-Z og 0-9 kan skrivast inn her. Dersom det vert skrive inn ein stor bokstav, vert han automatisk gjort om til liten bokstav.

C

Teikna A-Z og 0-9 kan skrivast inn her. Dersom ein liten bokstav vert skrive inn, vert han automatisk gjort om til stor bokstav.

N

Berre tala 0-9 kan skrivast inn.

x

Alle utskrivbare teikn kan skrivast inn.

X

Alle utskrivbare teikn kan skrivast inn. Dersom ein liten bokstav vert skriven inn, vert han gjort om til stor.


Rekkjefølgje

Bestemmer fokusrekkjefølgja for kontrollelementa når Tabulator-tasten vert brukt i dialogvindauget. Når dialogvindauget vert opna, vil kontrollelementet med lågast nummer (0), få fokus. Ved å trykkja Tabulator-tasten kan brukaren gå vidare til dei neste kontrollelementa i den rekkjefølgja som er bestemt her.

I utgangspunktet vert kontrollelementa nummererte etter kvart som dei vert lagt inn i dialogvindauget. Du kan endra denne rekkjefølgja. LibreOffice Basic oppdaterer rekkjefølgja automatisk for å unngå at same talet vert brukt fleire gongar. Kontrollelement som ikkje kan ha fokus, får også eit nummer, men vert hoppa over når Tab-tasten vert brukt.

Retning

Bestemmer retninga for eit rullefeltkontrollelement.

Rullefelt

Her kan du bestemma kva for rullefelttype som skal brukast i ein tekstboks.

Rullefelt

Legg ønskt rullefelttype til ein tekstboks.

Rulleknapp

Vel «Ja» for å leggja ein talboks til eit numerisk, valuta-, dato- eller klokkeslettelement for å kunna endra inn-verdiane ved hjelp av pilknappane.

Rulleverdi

Bestemmer startverdien for rullefeltet. Dette bestemmer posisjonen til rullefeltknappen.

Side (steg)

Skriv inn sidetalet for dialogvindauget som den gjeldande kontrollen gjeld for eller sidenummeret for dialogvindauget du vil redigera. Dersom dialogvindauget berre har éi side, må du setja verdien Side (steg) til 0.

Vel Side (steg) = 0 for å gjere eit kontrollelement synleg i alle dialogvindauga.

For å kunna skifta mellom dialogsider under køyringa, må du laga ein makro som endrar verdien for Side (steg).

Skalering

Skaler biletet slik at det passer storleiken på kontrollelementet.

Skriv ut

Vel «Ja» for å ta med det gjeldande kontrollelementet i dokumentutskrifta.

Skrivefelt med fleire linjer

Vel «Ja» for å kunna bruka fleire linjer i kontrollelementet. Bruk Enter-tasten for å setja inn eit manuelt linjeskift.

Skriveverna

Vel «Ja» for å hindra at brukaren redigerer innhaldet i det gjeldande kontrollelementet. Kontrollelementet er tilgjengeleg og kan få fokus, men kan ikkje endrast.

Standardknapp

Vel «Ja» for å gjere den gjeldande knappen til standardval for kontrollelementet. Eit trykk på Tilbake i dialogvindauget, slår på standardknappen.

Startar redigering av stoppmodus

Spesifiserer kva som hender når redigeringa vert avbroten ved at ein annan node i treet vert vald, at det vert gjort endringar i dataa i treet eller av andre grunnar.

Ved å setja eigenskapen til SANN, vert alle endringane lagra automatisk når redigeringa vert avbrote. USANN betyr at redigeringa ikkje vert lagra og alle endringane går tapt.

Normalverdien er USANN.

Stor endring

Bestemer kor mange einingar det skal rullast når ein brukar klikkar i området mellom glidebrytaren og pila på eit rullefelt.

Strengt format

Vel «Ja» for å tillata innskriving berre av gyldige teikn i kontrollelementa for tal, valuta, dato og tid.

Største tekstlengd

Skriv inn det høgste talet på teikn som ein brukar kan skrive inn.

Synleg storleik

Set lengda på glidebrytaren til eit rullefelt.

Tabulatorstopp

Vel korleis fokuset skal endrast i kontrollelementet når Tab-tasten vert trykt ned.

Standard

Berre kontrollelementa som gjeld inndata får fokus når du brukar Tabulator-tasten. Andre kontrollelement som for eksempel dei som inneheld merkelappar, vert hoppa over.

Nei

Hoppar over kontrollelementet når fokus vert flytta med tabulatortasten.

Ja

Kontrollelementet kan veljast med tabulatortasten.


Talet på linjer

Skriv inn kor mange linjer som skal visast for eit listekontrollelement. Denne innstillinga er berre tilgjengeleg for kombinasjonsboksar dersom nedtrekksliste-valet er slått på.

Teiknmaske

Skriv inn startverdiane som skal visast i eit mønsterkontrollelement. Dette hjelper brukaren til å sjå kva verdiar som er lovlege i kontrollelementet. Teiknmaska vert avgrensa av formatet som er oppgjeve i redigeringsmaska.

Teiknsett

Vel skrifttype som skal brukast ved vising av innhaldet i det aktive kontrollelementet.

Tidsformat

Vel formatet som skal brukast for tidskontrollelement.

Tilstand

Vel val-tilstanden til kontrollelementet,

Tittel

Skriv inn tittelen for dialogvindauget. Trykk på kantlinja til dialogvindauget for å velja det.

Titlar vert berre brukte for å setja merkelapp på eit dialogvindauge og kan berre ha éi linje. Legg merkje til at dersom du arbeider med makroar, vert kontrollane kalla opp berre med eigenskapen Namn.

Trenivå

Vel «Ja» om du vil at ein avkryssingsboks kan ha tre tilstandar (merkt, umerkt, gråa ut) i staden for dei to vanlege (merkt og umerkt).

Tusenskilje

Vel «Ja» for å vise tusenskiljeteikn i numeriske kontrollar og valutakontrollar.

Utval

Bestemmer sekvensen av dei valde elementa der «0» svarar til det første elementet. Ønskjer du å markera fleire enn eitt element, må fleirmarkering vera slått på.

Trykk på knappen the ... for å opna dialogvindauget Markering.

Trykk på elementa du vil merkja. Du må ha slått på fleirval for å kunna velja fleire element.

Utvalstype

Bestemmer kva utvalsmodus som er tilgjengeleg for denne trekontrollen.

Valutasymbol

Skriv inn valutasymbolet som skal brukast i valutakontrollelement.

Verdi

Set verdien for det aktive kontrollelementet.

Vis handtak

Bestemmer om handtaka på nodane skal vere synlege.

Handtaka er prikkelinjer som visualiserer hierarkiet for trekontrollen.

Normalverdien er SANN.

Vis rota

Bestemmer om rotnoden for treet skal visast.

Dersom visinga av rota er sett til USANN, vil rotnoden for ein modell ikkje vere ein gyldig node for trekontrollen og kan ikkje brukast saman med ein metode frå XTreeControl.

Normalverdien er SANN.

Vis rothandtaka

Bestemmer om nodehandtaka også skal visast på rotnivået.

Normalverdien er SANN.

Støtt oss!