Eigenskapar for kontrollelement og dialogvindauge

Bestemmer eigenskapane til det valde dialogvindauget eller kontrollelementet. Du må vera i utformingsmodus for å kunna bruka denne kommandoen.

Skriva inn data i dialogvindauget eigenskapar

Desse tastekombinasjonane vert brukte for å skriva inn data i felt som går over fleire linjer eller i kombinasjonsboksar i dialogvindauget Eigenskapar:

Tastar

Effektar

Alt + Pil ned

Opnar ein kombinasjonsboks

Alt + Pil opp

Lukkar ein kombinasjonsboks

Shift + Enter

Set inn eit linjeskift i felt med fleire linjer.

(Pil opp)

Går til førre linje.

(Pil ned)

Gå til neste linje.

Enter

Legg endringane til eit felt og plasserer skrivemerket i neste felt.


Generelt

Definerer eigenskapane for den valde kontrollen eller det valde dialogvindauget. Kva for eigenskapar som er tilgjengelege er avhengige av kva type kontroll som er vald. Dei følgjande eigenskapane er difor ikkje tilgjengeleg for alle kontrollane.

Hendingar

Definerer hendingstildelingar for det valde dialogvindauget eller kontrollelementet. Kva hendingar som er tilgjengelege er avhengig av kva kontrollelement som er vald.

Støtt oss!