Overvakingsvindauget vert brukt til å visa verdiane for variablane under køyringa av eit program. Legg til variabelen i listefeltet i overvakingsvindauget. Trykk på Slå på overvaking for å leggja variabelen i listefeltet og for å visa verdien av han.
Kommandostabelen lar deg overvaka rekkjefølgja som prosedyrar og funksjonar vert køyrde i. Desse vert viste nedanfrå og opp, med dei sist brukte prosedyrane og funksjonane øvst på lista.