Hendingsdrivne dokumentmakroar

Denne bolken forklarer korleis du kan bruka skript i program-, dokument- eller skjema-hendingar.

Du kan køyra ein makro automatisk når ei bestemt hending skjer i programmet ved å kopla makroen til hendinga. Tabellen viser ei oversikt over programhendingar og når ein tilkopla makro vert køyrd.

Hendingar

Ein tildelt makro vert køyrd …

rutine

Start programmet

...etter eit LibreOffice-program har starta.

OnStartApp

Lukk programmet

… før eit LibreOffice-program er avslutta.

OnCloseApp

Dokument laga

...Nytt dokument er laga med Fil → Ny(tt) eller med ikonet Nytt. Merk at denne hendinga også vert utløyst når Basic IDE vert opna.

OnCreate

Nytt dokument

… etter at eit nytt dokument er oppretta med Fil → Ny(tt) eller med knappen Ny.

OnNew

Lastinga av dokumentet er fullført

… før eit dokument er opna med Fil → Opna eller med ikonet

OnLoadFinished

Opna dokument

… etter at eit dokument er opna med Fil → Opna eller med knappen Opna.

OnLoad

Dokumentet vert lukka

… før eit dokument vert lukka.

OnPrepareUnload

Dokumentet vert lukka

…etter at dokumentet er lukka. Merk at hendinga «Lagra dokument» også kan førekoma når dokumentet er lagra før det vert lukka.

OnUnload

-no UI-

OnLayoutFinished

Visinga er laga

Dokumentet vert vist. Merk at denne hendinga også finn stad når dokumentet vert kopiert.

OnViewCreated

Visinga vert lukka

Dokumentutforminga er fjerna.

OnPrepareViewClosing

Visinga er lukka

Dokumentutforminga er rydda før dokumentet vert lukka.

OnViewClosed

Aktivera dokumentet

…etter at eit dokument er flytt fremst.

OnFocus

Gå frå dokument

…etter at eit anna dokument er flytt fremst.

OnUnfocus

Lagra dokument

… før eit dokument vert lagra med Fil → Lagra eller med knappen Lagra, viss dokumentet har fått namn.

OnSaveAs

Dokumentet er lagra

… etter at dokumentet er lagra med Fil → Lagra eller med Lagra dersom dokumentet alt har fått eit namn.

OnSaveDone

Lagring av dokumentet mislukka

Klarte ikkje lagra dokumentet.

OnSaveFailed

Lagra dokumentet som

… før eit dokument er lagra med eit spesifikt namn (med Fil → Lagra som, med Fil → Lagra, eller med knappen dersom dokumentet ikkje har fått namn).

OnSaveAs

Dokumentet er lagra som

… etter at eit dokument er lagra med eit spesifisert namn (med Fil → Lagra som eller Fil → Lagra eller med knappen Lagra viss dokumentet ikkje har fått namn).

OnSaveAsDone

«Lagra som» mislukka

Klarte ikkje lagra dokumentet.

OnSaveAsFailed

-no UI-

Når dokumentet si plassering på lagringsmediet er endra, for eksempel ved Fil → Lagra som.

OnStorageChanged

Lagra eller eksportera kopi av dokumentet

… før eit dokument vert lagra med ikona Fil → Lagra ein kopi,Fil → Eksporter,Fil → Eksporter som PDF eller Lagra.

OnCopyTo

Det er laga ein kopi av dokumentet

… etter at eit dokument er lagra via ikona Fil → Lagra ein kopi, Fil → Eksporter, Eksporter som PDF eller Lagra.

OnCopyToDone

Fekk ikkje til å laga dokumentkopi

Klarte ikkje å kopiera eller eksportera dokumentet.

OnCopyToFailed

Skriv ut dokumentet

… etter at dialogvindauget for utskriving er lukka, men før utskrivinga byrjar. Denne hendinga skjer ved kvar utskriven kopi.

OnPrint

-no UI-

… etter at innstillingane for trygging av dokumentet er endra.

OnModeChanged

Endring i statusen «Endra»

Den modifiserte statusen for dokumentet er endra.

OnModifyChanged

Dokumenttittelen er endra

Når dokumenttittelen vert oppdatert.

OnTitleChanged

Lasta inn ein delkomponent

… etter at eit databaseskjema er opna.

OnSubComponentOpened

Lukka ein delkomponent

… etter at eit databaseskjema er lukka.

OnSubComponentClosed

Utskrivinga av skjemabrevet har byrja

…før utskriving av skjemabrev med menyane Fil → Skriv ut eller Verktøy → Vegvisar for brevfletting.

OnMailMerge

Utskriving av skjemabrev ferdig

…etter utskriving av skjemabrev med menyane Fil → Skriv ut eller Verktøy → Vegvisar for brevfletting.

OnMailMergeFinished

Utskrivinga av skjemafelt har byrja

…før utskriving av skjemafelt.

OnFieldMerge

Utskrivinga av skjemafelt ferdig

…etter utskriving av skjemafelt.

OnFieldMergeFinished

Endra sidetalet

Når talet på sider vert endra.

OnPageCountChanged


note

Dei fleste hendingane er relaterte til dokument, unnateke OnStartApp, OnCloseApp, OnCreate og OnLoadFinished som skjer på programnivå. OnSubComponentOpened og OnSubComponentClosed vert utløyste av databaseskjema.


tip

Writer-dokument utløyser desse hendingane: OnLayoutFinished, OnMailMerge, OnMailMergeFinished, OnFieldMerge, OnFieldMergeFinished og OnPageCountChanged.


Knyta ein makro til ei hending

  1. Vel Verktøy → Tilpass og klikk på fana Hendingar.

  2. Vel i nedtrekkslista Lagra i om tilordninga skal vera gyldig globalt eller berre for det gjeldande dokumentet.

  3. Vel hending frå Hending-lista.

  4. Trykk på Makro og vel makroen som skal brukast i den markerte hendinga.

  5. Trykk på OK for å tildela makroen.

  6. Trykk på OK for å lukka dialogvindauget.

Fjerna tildelinga av ein makro frå ei hending

  1. Choose Verktøy → Tilpass og klikk på fana Hendingar.

  2. Vel om du vil fjerna ei global tildeling eller ei tildeling som gjeld berre for det gjeldande dokumentet ved å merkja alternativet i listeboksen Lagra i.

  3. Vel hendinga som inneheld den tildelinga som skal fjernast, frå lista Hending.

  4. Trykk på Slett.

  5. Trykk på OK for å lukka dialogvindauget.

I tillegg til å tildela makroar til hendingar, kan du overvaka hendingar utløyste i LibreOffice-dokument.

Støtt oss!