LibreOffice 24.8 Hjelp
LibreOffice Basic-bibliotek kan lagrast i tre ulike behaldarar:
Programmakroar: biblioteka som vert lagra i denne behaldaren, er tilgjengelege for alle brukarane av denne datamaskinen og vert handsama av den som administrerer datamaskinen. Du finn behaldaren i LibreOffice si installasjonsmappe.
Mine makroar: biblioteka som vert lagra i denne mappa er tilgjengelege for brukaren av mappa. Behaldaren vert lagra i brukarprofilområdet, og er ikkje tilgjengeleg for andre brukarar.
Dokument: bibliotek vert lagra i dokumentbehaldaren til dokumentet og er berre tilgjengeleg frå dokumentet når det er opna. Du har ikkje tilgang til biblioteket frå eit anna dokument.
For å få tilgang til makroar som er lagra i Programmakroar eller Mine makroar frå ein annan behaldar, også dokumentbehaldaren, bruk GlobalScope specifier.
Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → Basic og klikk Handsamar eller klikk knappen Vel modul i BASIC IDE for å opna dialogvindauget for makrohandsamaren.
Klikk på fana Bibliotek.
Vel kvar du vil ha biblioteket i lista Plassering. Vel du å bruka «Programmakroar og -dialogvindauge», vil lista høyra til LibreOffice-programma og vera tilgjengeleg for alle dokumenta. Viss du vel eit dokument, vert lista lagt til dette dokumentet og vil berre vera tilgjengeleg frå dette.
Klikk på Ny og skriv inn eit namn på det nye biblioteket.
Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → Basic og klikk Handsamar eller klikk knappen Vel modul i BASIC IDE for å opna dialogvindauget for makrohandsamaren.
Klikk på fana Bibliotek.
Vel kvar du vil ha biblioteket i lista Plassering. Vel du å bruka «Programmakroar og -dialogvindauge», vil lista høyra til LibreOffice-programma og vera tilgjengeleg for alle dokumenta. Viss du vel eit dokument, vert lista lagt til dette dokumentet og vil berre vera tilgjengeleg frå dette.
Klikk på Importer og vel eit eksternt bibliotek som skal importerast.
Merk alle biblioteka som skal importerast i dialogvindauget Importer bibliotek. Dialogvindauget viser alle biblioteka som finst i den valde fila.
Ønskjer du å setja inn biblioteket berre som referanse, merk av for Set inn som referanse (skriveverna). Skriveverna bibliotek er fullt ut funksjonelle, men kan ikkje endrast.
Merk av for Byt ut eksisterande bibliotek viss du vil at eksisterande bibliotek med det same namnet skal overskrivast.
Klikk OK for å importera biblioteket.
Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → Basic og klikk Handsamar eller klikk knappen Vel modul i BASIC IDE for å opna dialogvindauget for makrohandsamaren.
Trykk på fana Bibliotek.
I nedtrekkslista Plassering vel du kvar biblioteket er lagra. Marker biblioteket som skal eksporterast. Merk at du kan ikkje eksportera Standardbiblioteket.
Trykk på Eksporter.
Vel om du vil eksportera biblioteket som ei utviding eller som eit BASIC-bibliotek.
Trykk OK.
Vel kvar du vil eksportera biblioteket.
Trykk Lagra for å eksportera biblioteket.
Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → Basic og klikk Handsamar eller klikk knappen Vel modul i BASIC IDE for å opna dialogvindauget for makrohandsamaren.
Klikk på fana Bibliotek.
Vel biblioteket som skal slettast frå lista.
Trykk på Slett.
Når du slettar eit bibliotek permanent, vert også alle eksisterande modular og alle tilhøyrande prosedyrar og funksjonar sletta.
Du kan ikkje sletta biblioteket med namnet «Standard».
Viss du slettar eit bibliotek som er nytta som referanse, vert berre referansen sletta, ikkje sjølve biblioteket.
Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → Basic og klikk Handsamar eller klikk knappen Vel modul i BASIC IDE for å opna dialogvindauget for makrohandsamaren.
Trykk på fana Modular eller fana Dialogvindauge.
Merk biblioteket som modulen skal setjast inn i og trykk Ny.
Skriv inn eit namn for modulen eller dialogvindauget og trykk på OK.
Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → Basic og klikk Handsamar eller klikk knappen Vel modul i BASIC IDE for å opna dialogvindauget for makrohandsamaren.
Klikk to gongar, med ein pause mellom klikka, på modulen som skal ha nytt namn. Skriv inn det nye namnet.
Høgreklikk på modul- eller dialognamnet nedst i BASIC IDE og vel Endra namn og skriv inn det nye namnet.
Trykk Enter for å stadfesta endringane.
Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → Basic og klikk Handsamar eller klikk knappen Vel modul i BASIC IDE for å opna dialogvindauget for makrohandsamaren.
Klikk anten på fana Modular eller på fana Dialogvindauge.
Vel modulen eller dialogvindauget som skal slettast frå lista. Om nødvendig kan du dobbelklikka på ei oppføring for å få fram eventuelle underoppføringar.
Trykk på Slett.
Slettar du ein modul permanent, vert også alle prosedyrar og funksjonar i den modulen sletta.
Opna alle dokumenta eller malane som du vil flytta eller kopiera modulane eller dialogvindauga mellom.
Vel Verktøy → Makroar → Organiser makroar → Basic og klikk Handsamar eller klikk knappen Vel modul i BASIC IDE for å opna dialogvindauget for makrohandsamaren.
For å flytta ein modul eller eit dialogvindauge til eit anna dokument, klikk på det tilsvarande objektet i lista og dra det til ønskt plassering. Ei vassrett linje viser målplasseringa for det gjeldande objektet under drainga. Hald nede tasten
under drainga for å kopiera objektet i staden for å flytta det.