LibreOffice 25.2 Hjelp
Redigeringsvindauget for Basic inneheld fleire av dei same redigeringsverktøya som du kjenner frå tekstredigering. I Rediger-menyen finn du såleis klipp ut, lim inn og andre kommandoar. Du kan også markera tekst med Shift-tasten og bruka snartastar for å styra markøren. Du kan for eksempel flytta frå ord til ord ved hjelp av og piltastane.
Lange linjer kan delast opp i fleire ved å setja inn understrek (_) som det siste av to teikn i ei linje. Dette koplar linja saman med den neste linja til éi logisk linje. (Viss «Option Compatible» er brukt i den same Basic-modulen, kan den same linjesamankolinga også brukast på merknadar).
Viss du trykkjer på knappen Køyr BASIC på Makro-linja, vil programmet byrja køyringa frå den første linja i redigeringsvindauget. Den første SUB eller FUNCTION vert utført, men så stoppar programmet. «Sub Main» betyr ingenting for programkøyringa.
Set inn BASIC-koden mellom «Sub Main» og «End Sub» som du ser når du opnar IDE (redigeringsvindauget). Du kan også sletta alle linjene og skriva inn dine eigne BASIC-kodar.
Vel eit bibliotek frå lista bibliotek til venstre på verktøylinja for å henta inn biblioteket. Den første modulen i det markerte biblioteket vert vist.
Du kan lagra Basic-kode i ei tekstfil som kan importerast og brukast i andre programsystem.
Det er ikkje råd å lagra Basic-dialogar i ei tekstfil.
Vel modulen som skal eksporterast som tekst frå objektkatalogen.
Klikk på ikonet Lagra kjelde som i verktøylinja Makro.
Merk eit filnamn og klikk på OK for å lagra fila.
Merk modulen du ønskjer å importera kjeldekoden frå i objektkatalogen.
Set markøren der du ønskjer å setja inn programkoden.
Klikk på ikonet Set inn kjeldetekst i verktøylinja Makro.
Marker tekstfila som inneheld kjeldekoden og trykk på OK.