Bibliotek, modular og dialogvindauge

Dette avsnittet omtalar grunnleggjande bruk av bibliotek, modular og dialogar i LibreOffice Basic.

LibreOffice Basic inneheld også verktøy som kan vera til hjelp med å strukturera prosjekta. Verktøya har støtte for ulike «einingar» som du kan bruka for å gruppera individuelle subrutinar og funksjonar i eit Basic-prosjekt.

Bibliotek

Biblioteka vert nytta for å organisera modular og kan anten vera kopla til eit dokument eller til ein mal. Når ein mal eller eit dokument vert lagra, vert også alle modulane som finst i biblioteket lagra.

Eit bibliotek kan innehalda opp til 16 000 modular.

Modular

Ein modul inneheld subrutinar og funksjonar og variabeldeklarasjonar. Storleiken på eit program som kan lagrast i ein modul er avgrensa til 64 kB. Dersom du treng meir plass, kan du dela LibreOffice Basic-prosjektet i fleire modular og lagra desse i eitt bibliotek.

Dialogmodular

Dialogmodulane inneheld definisjonar på utsjånaden til dialogvindauget, eigenskapane til kvart element i vindauget og tilkopla hendingar. Sidan ein dialogmodul berre kan innehalda eitt dialogvindauge, vert modulane ofte kalla «dialogar».

Støtt oss!