LibreOffice 25.2 Hjelp
Her er ein omtale av grunnlaget for bruk av prosedyrar, funksjonar og eigenskapar i LibreOffice Basic.
Når du lagar ein ny modul, set LibreOffice Basic automatisk inn ein Sub med namnet «Main». Dette standardnamnet har ingenting med rekkjefølgja eller startpunktet for eit LibreOffice Basicprosjekt. Du kan trygt gje Sub-rutinen eit anna namn.
Set er nokre avgrensingar for kva namn du kan bruka på PUBLIC-variablar, subrutinar, funksjonar og eigenskapar. Du kan ikkje bruka det same namnet som ein av modulane i det same biblioteket.
Prosedyrer (Sub-rutiner) funksjonar (Funksjonar) og eigenskapar (Eigenskapar) hjelper deg med å halda eit strukturert oversyn ved å dela eit program i logiske delar. Desse delane kan enkelt brukast om igjen til å utføra liknande oppgåver i andre prosjekt.
Variablar kan overførast til både prosedyrar, funksjonar og eigenskapar. Sub, Function eller Property må vera deklarerte for å kunna innehalda parametrar.
Sub SubName(Parameter1 As TYPENAME, Parameter2 As TYPENAME,...)
' her kjem koden din
End Sub
Sub vert kalla opp med denne syntaksen:
[Call] SubName( [Parameter1:=]Value1, [Parameter2:=]Value2, ...)
Parametera som skal overførast til Sub må passa med dei deklarerte for Sub.
Den same prosessen gjeld for ein Funksjon. I tillegg returnerer funksjonar alltid eit resultat. Dette resultatet vert definert ved å tilordna verdien for å gå tilbake til funksjonsnamnet:
Function FunctionName(Parameter1 As TYPENAME, Parameter2 As TYPENAME,...) As TYPENAME
' her kjem koden din
FunctionName=Result
End Function
Function vert kalla opp med denne syntaksen:
Variable = FunctionName( [Parameter1:=]Value1, [Parameter2:=]Value2, ...)
Eigenskapane kombinerer syntaksen for prosedyrar og funksjonar. Ein eigenskap treng til vanleg opp til éin parameter.
Private _IsApproved As TYPENAME
Property Get IsApproved As TYPENAME
' her kjem koden din
IsApproved = some_computation
End Property
Property Let IsApproved(value As TYPENAME)
' her kjem koden din
_IsApproved = computed_value
End Property
Property vert kalla opp med denne syntaksen:
var = IsApproved
IsApproved = some_value
Du kan også bruka det fullstendige namnet til å kalla opp ein prosedyre, funksjon eller eigenskap:
[Call] Library.Module.Macro() der Call er valfri.
For eksempel kan du kalla opp Autotext-makroen frå Gimmicks-biblioteket, med denne kommandoen:
Gimmicks.AutoText.Main()
Du kan senda parametrar til ein prosedyre, ein funksjon eller ein eigenskap anten som referanse eller verdi. Med mindre anna er spesifisert, vert ein parameter alltid sendt som referanse. Det betyr at ein Sub, ein Function eller ein Property får parameteren og kan lesa og endra verdien.
Dersom du vil overføra ein parameterverdi, set inn nøkkelordet ByVal framføre parameteren når du gjer oppkall til for eksempel ein Sub, ein Function eller ein Property:
Function ReadOnlyParms(ByVal p2, ByVal p2)
' her kjem koden din
End Function
result = ReadOnlyParms(parm1, parm2)
I dette tilfellet vert innhaldet i parameteren ikkje endra sidan Function får berre verdien og ikkje parameteren.
Funksjonar, prosedyrar og eigenskapar kan definerast med valfrie parametrar, for eksempel
Sub Rounding(number, Optional decimals, Optional format)
' her kjem koden din
End Sub
Når du kallar opp ein funksjon eller ein delrutine, kan du senda argumenta etter plassering eller namn. Å sende etter plassering betyr å lista opp argumenta i den rekkjefølgja parametera er definert i funksjonen eller delrutinen. Viss du sender etter namn, må du skriva inn namnet på parameteren med eit kolon og eit likskapsteikn etter (:=). Nøkkelordargument kan vera i kva rekkjefølgje som helst. Sjå eksempel på dette i Basic Replace()-funksjonen.
Når du har bruk for å senda færre parameterar, brukar du nøkkelordargument. Viss du sender verdiar for færre parameterar etter posisjon, må du setja inn verdiar for alle parametera før dei, valfritt eller ikkje. Dette sikrar at verdiane kjem på rett plass. Sender du parametera etter namn – ved hjelp av nøkkelordargument – kan du sløyfa alle andre mellomliggjande argument.
Ein variabel som er definert inne i ein Sub, Function eller Property er gyldig berre inne i prosedyren. Dette er det som vert kalla ein «lokal» variabel. Ofte har du i tillegg også bruk for variablar som er tilgjengelege i heile programmet, inne i alle modulane og også etter at ein Sub, Function eller Property er avslutta.
Global VarName As TYPENAME
Variabelen er gyldig så lenge LibreOffice-økta varer.
Public VarName As TYPENAME
Variabelen er gyldig i alle modulane.
Private VarName As TYPENAME
Variabelen er berre gyldig innføre denne modulen.
Dim VarName As TYPENAME
Variabelen er berre gyldig innføre denne modulen.
Tving private variablar til å vere private på tvers av modular med innstillinga CompatibilityMode(true).
' ***** Module1 *****
Private myText As String
Sub initMyText
minTekst = "Hallo"
Print "I modul1: ", minTekst
End Sub
' ***** Module2 *****
'Option Explicit
Sub demoBug
CompatibilityMode( True )
initMyText
' Returnerer nå ein tom streng
' (eller det oppstår feil for Option Explicit)
Print "Nå i modul2: ", minTekst
End Sub
Static VarName As TYPENAME
Variabelen held på verdien til neste gong ein Function, Sub eller Property vert brukt. Deklarasjonen må vera inne i ein Sub, Function eller Property .
På same måten som med variablar, kan du definera returverdien for funksjonen ved å ta med eit typedeklarasjonsteikn etter funksjonsnamnet eller typen indikert med As og deretter den tilsvarande datatypen på slutten av parameterlista, for eksempel:
Function WordCount(WordText As String) As Integer