Makro

Opnar dialogvindauge for Makroar der du kan oppretta, redigera, organisera og køyra LibreOffice Basic-makroar.

Makronamn

Viser namnet på den nye makroen. Skriv inn eit namn her for å oppretta eller endra namnet på makroen.

Makro frå / Lagra makro i

Lister opp biblioteka og modulane der du kan opna eller lagra makroane dine. For å lagra ein makro i eit spesifikt dokument, opne dokumentet og så opne dette dialogvindauge.

Køyr / Lagra

Køyrer eller lagrar den gjeldande makroen.

Tildel

Opnar det tilpassa dialogvindaget der du kan leggja den valde makroen inn i ein menykommando, ei verktøylinje eller ei hending.

Rediger

Startar LibreOffice Basic-redigeraren og opnar den valde makroen for redigering.

Ny/Slett

Opprett ein ny makro eller slett den valde makroen.

For å lage ein ny makro, vel modulen «Standard» i lista Makro frå og vel så Ny.

For å sletta ein makro, vel makroen og trykk Slett.

Organiserer

Opnar dialogvindauget Makro Organiserar. Der kan du leggja til, redigera og sletta eksisterande makromodular, dialogvindauge og bibliotek.

Modul/dialogvindauge

Lister opp eksisterande makroar og dialogvindauge.

Du kan dra og sleppe ein modul eller eit dialogvindauge mellom biblioteka.

For å kopiera eit dialogvindauge eller ein modul, held du nede -tasten medan du dreg og slepp.

Rediger

Opnar den valde makroen eller dialogvindauget for redigering.

Ny

Lag ein ny modul.

Lagar eit nytt dialogvindauge.

Bibliotek-fana

Let deg administrera makrobiblioteka.

Stad

Vel den plasseringa der dei makrobiblioteka som du vil rydde i er.

Bibliotek

Lister opp makrobiblioteka på den valde plasseringa.

Rediger

Opnar LibreOffice Basic editor slik at du kan endra det valde biblioteket.

Passord

Tildel eller endra passordet til det valde biblioteket. «Standard»-biblioteka kan ikkje ha passord

Ny

Lagar eit nytt bibliotek.

Namn

Skriv inn eit namn for den nye modulen, det nye dialogvindauget eller det nye biblioteket.

Legg til

Finn LibreOffice Basic-biblioteket du ville leggja til i lista og trykk Opna.

Støtt oss!