Køyra LibreOffice Pythonskript

Avhengig av kva du vil oppnå, kan du velja ein av desse måtane for å køyra Python-skript i LibreOffice:

Tipsikon

Viss du køyrer skript inne frå LibreOffice-prosessen, vert det tilrådd å installera utvidinga APSO (Alternative Script Organizer for Python). Viss du vil utvikla Python-skript utanfor LibreOffice, kan du velja den Python-IDE-en du likar best.


Å køyra skript frå innføre LibreOffice-prosessen

Med APSO-utvidinga

Den enklaste måten å koma i gang med Python-skripting i LibreOffice, er å installera APSO-utvidinga. Når du har installert ho, opnar du kva LibreOffice-komponent som helst og går til Verktøy → Makroar → Organiser Pythonskript.

I hovudvindauget for APSO går du til Meny → Python-skal.

Tipsikon

Du kan også opna APSO med standardsnarvegen Alt + Skift + F11.


No kan du skriva inn Python-kommandoar. Skalet vil skriva ut dei tilsvarande utdataa når kvar kodelinje er utført.

For å bruka biblioteket ScriptForge må du importera metoden CreateScriptService. Med denne har du tilgang til dei tenestene som biblioteket har. Eksempelet nedanfor brukar tenest Basic for å visa ein meldingsboks.


        from scriptforge import CreateScriptService
        bas = CreateScriptService("Basic")
        bas.MsgBox("Hello!")
        

Viss du vil køyra eksempelet ovanfor, skriv du inn kvar linje i Python-skalet éi etter éi, og trykkjer Enter etter at du har skrive inn kvar kodelinje.

No kan du byrja å køyra Python-kommandoar ved hjelp av alle ScriptForge-tenestene. Kodesnutten nedanfor brukar for eksempel UI-tenesta til å laga eit tomt Writer-dokument.


        ui = CreateScriptService("UI")
        doc = ui.CreateDocument("Writer")
        

Å laga Python skriptfiler

Du kan laga dine eigne Python-filer og redigera dei med det tekstredigeringsprogrammet du likar best. Seinare kan du kalla dei opp frå kva LibreOffice-komponent som helst.

Det første steget er å finna ut kvar brukarskripta er lagra. Sjå hjelpsidene Pythonskript, organisering og lokalisering.

No kan du laga tekstfiler inne i brukarmappa for Python, for eksempel mine_skript.py og byrja å skriva skripta dine.

Det neste er eit enkelt eksempel som hentar ein nummerisk verdi frå ei celle i Calk og aujar verdien med 1. Skriv ganske enkelt inn den følgjande koden inn i fila mitt_skript.py.


    from scriptforge import CreateScriptService
    doc = CreateScriptService("Calc")
    
    def increment_cell(args=None):
        value = doc.GetValue("A1")
        value += 1
        doc.SetValue("A1", value)
    
    g_exportedScripts = (increment_cell, )
  

Dette eksempelet opprettar funksjonen increment_cell. Merk at g_exportedScripts er ein tuple som fortel kva funksjonar som vert viste i LibreOffice som brukar-skript.

Slik køyrer du dette skriptet frå eit Calc-dokument:

  1. Lag eller opna ei Calc-fil.

  2. Skriv inn nokre talverdiar i cella «A1» i det gjeldande arket.

  3. Gå til menyen Verktøy → Makroar → Køyr makro.

  4. Vel Mine makroar → mitt_skript i bibliotekveljaren. Vel deretter funksjonen increment_cell i lista over Makronamn.

  5. Trykk på Run. Merk at verdien i cella «A1» vert auka med 1.

Du kan også bruka APSO for å køyra Python-skript på ein liknande måte:

  1. Opna først APSO ved å gå til Verktøy → Makroar → Organiser Python-skript.

  2. Finn fram til Mine makroar → mine_skript → increment_cell.

  3. Trykk på Køyr.

Å køyra skript uavhengig av LibreOffice-prosessen

Bestemma installasjonsstien

Det første steget for å køyra skript frå ein uavhengig prosess, finn du i mappa der LibreOffice er installert. Det er fleire måtar å gjere dette på, men ScriptForge har ein rask måte å identifisera installasjonsstien på. Opna APSO sitt Python-skal og skriv:


      from scriptforge import CreateScriptService
      fs = CreateScriptService("FileSystem")
      fs.FileNaming = "SYS"
      inst_dir = fs.InstallFolder
      print(inst_dir)
      

Utdataa frå koden ovanfor er basismappa der LibreOffice er installert. Nå må du leggja til «program»-undermappa i den resulterande stien. Dette er basismappa du vil køyra Python-skript frå i ein uavhengig prosess.

Gå for eksempel ut frå at du får /usr/lib/libreoffice/ som resultat av å køyra Python-koden ovanfor. Så får du vurdera om /usr/lib/libreoffice/program er den beste stien å køyra Python-skripta frå.

Start LibreOffice med pipe- eller socket-innstillingar

For å køyra Python-skript frå ein uavhengig prosess, må du starta LibreOffice med nokre få tilleggsalternativ som spesifiserer namnet på datakanalen eller vertsnamnet og porten som den eksterne prosessen skal bruka for å kommunisera med LibreOffice-komponentprosessen.

Opna kommandolinja i operativsystemet, finn fram til programmappa i installasjonsmappa for LibreOffice og skriv inn anten:

I Linux / Mac OS:

libreoffice --accept='pipe,name=aPipeName;urp;'

I Windows:

soffice.exe --accept='socket,host=localhost,port=2021;urp;'

som ei flatpakke:

flatpak run org.libreOffice.LibreOffice accept='socket,host=localhost,port=2021;urp;'

Begge kommandoane ovanfor opnar LibreOffice med ein kommunikasjonskanal open, slik at andre prosessar kan utveksla meldingar med han.

Merk at det førre eksempelet opnar LibreOffice sitt startsenter. Viss du vil opna ein bestemt komponent, for eksempel Writer, kan du leggja til --writer-flagget til kommandoen som vist nedanfor.

./soffice --writer --accept='socket,host=localhost,port=2021;urp;'

Legg merkje til parametera for namn eller vert og port som i dette eksempelet er aPipeName eller localhost og 2021 respektive.

Køyra eit eksternt Python-skal

Opna Python-skjelet frå inne i program-mappa i installeringsstien for LibreOffice. Følgj stega ovanfor for å finna installeringsstien.

I Linux / Mac OS:

$ cd /usr/lib/libreoffice/program

$ python

I Windows:

$ cd C:\\Program Files\\LibreOffice\\program\

$ python.exe

Dette opnar Python-skalet og du kan no byrja å skriva kommandoar som skal utførast av LibreOffice. Men før du gjer dette, må du setja opp tilkoplinga for pipe- eller socket. ScriptForge()-setningen nedanfor må setjast framføre det aller første oppkallet til CreateScriptService().

Køyr anten:


   frå scriptforge import ScriptForge, CreateScriptService
   ScriptForge(pipe='aPipeName')

    from scriptforge import ScriptForge, CreateScriptService
    ScriptForge(hostname='localhost', port=2021)
  
Merknadsikon

Les bolken Setja PYTHONPATH nedanfor viss du har problm med å importera scriptforge.py eller uno.py.


Den andre kodelinja ovanfor definerer innstillingane pipe eller host og port slik at Python-skalet kan kommunisera med ein køyrande LibreOffice-prosess som er opna med dei samme innstillingane for pipe eller socket.

No kan du køyra andre Python-kommandoar, og dei vil kunna kommunisera med LibreOffice-prosessen. For eksempel:


    ui = CreateScriptService("UI")
    bas = CreateScriptService("Basic")
    doc = ui.OpenDocument("~/Documents/myFile.ods")
    bas.MsgBox(doc.DocumentType)
  

Setja opp PYTHONPATH

Avhengig av korleis operativsystemet er sett opp, må du setja miljøvariabelen PYTHONPATH for å kunna importera scriptforge.py-biblioteket, som igjen krev import av uno.py-biblioteket.

Bruk filsøkingsverktøyet i operativsystemet for å finna mappa der begge desse filene er sette inn.

For eksempel i eit standard Ubuntu-oppsett kan begge filene vera i:

I dette tilfellet set du omgivnadsvariabelen PYTHONPATH som vist her før du opnar Python-tolkaren:

export PYTHONPATH=/usr/lib/libreoffice/program:/usr/lib/python3/dist-packages

Merknadsikon

Plasseringa av desse filene vil vera ulik for kvart operativsystem og LibreOffice-installasjonsmetode.


Støtt oss!

Støtt oss!