LibreOffice 25.2 Hjelp
LibreOffice-makroar er grupperte i modulfiler, modular er normalt grupperte i bibliotekmapper og bibliotek er grupperte i bibliotekbehaldarar, sjølv om behaldarar også kan innehalda modular.
Eit bibliotek vert brukt som ein hovudgruppering for anten ein heil kategori av makroar eller for eit heilt program. Modular deler til vanleg funksjonar, som brukarmedverknad og utrekningar. Individuelle makroar er subrutiner og funksjonar. Figuren nedanfor viser eit eksempel på den hierarkiske strukturen til makrobibliotek i LibreOffice.
Figur: Makrobibliotekhierarki
Behaldarane er tilgjengelege i alle LibreOffice-program gjennom brukargrensesnittet. Gå til
for å opna dialogvindauget for Python-makroar.Tre biblioteksbehaldarar vert viste i lista Makro frå:
Mine makroar: personlege makroar tilgjengelege for LibreOffice-brukaren
Programmakroar: systemmakroar distribuert med LibreOffice for kvar datamaskinbrukar
Dokumentmakroar: kvart dokument kan innehalda makrobibliotek som er tilgjengelege i det dokumentet for alle brukarane
Sjå Getting Session Information om korleis du kan få prammeringstilgang til plasseringa av Python-skripta.
Makroar som er lagt inn her (i behaldaren) vert kopierte av installasjonsprogrammet og er tilgjengeleg for alle brukarane, og alle opne dokument har tilgang til behaldaren. Du må ha administrasjonsrettar for å kunna lagra og redigera makroar lagra her.
Kvar behaldaren er lagra i LibreOffice sitt filsystem er avhengig av operativsystemet.
For Windows: {Installation}\share\Scripts\python.
For Linux og macOS: {Installation}/share/Scripts/python.
Denne behaldaren er berre tilgjengeleg for LibreOffice-brukaren. Alle opne dokument har tilgang til makroar som er lagra i behaldaren. Makroane vert lagra i brukarprofilen for LibreOffice-brukaren.
MineMakroar-behaldaren er lagra i brukarstaden som igjen er avhengig av operativsystemet.
For Windows,
%APPDATA%\LibreOffice\4\user\Scripts\python.
For Linux og macOS,
$HOME/.config/libreoffice/4/user/Scripts/python.
Dokumentmakroar vert lagra i dokumentet, og er tilgjengelege berre når dokumentet er opna.
Python-makroar kan organiserast i bibliotek, modular og makroar. Bruk makrobibliotekhierarkiet som ei rettleiing når du lagar eller installerer nye makroar i modulfiler, nye modulfiler i bibliotekmapper eller nye bibliotekmapper i behaldarar.