Setja opp IDE (Integrated Development Environment) for Python

For å skriva Pythonmakroar treng du nokre tilleggsinnstillingar for å kunna setja opp IDE etter eigne ønskje.

I LibreOffice kan du skriva makroar i Basic utan vidare. Skal du skriva makroar for LibreOffice i Python, må du setja opp ein ekstern IDE (Integrated Development Environment). Fleire IDE-ar er tilgjengelege, både for nybyrjarar og avanserte Python-programmerarar. Ved å bruka Python IDE har du mange nyttige hjelpemiddel, som syntaksutheving, kodebryting, søk gjennom klassar, fullføring av kode, standardoppsett av kode, utprøving av programmet, feilfinning, versjonskontroll og mykje meir. Du finn meir detaljert informasjon om korleis du kan setja opp ei kopling mellom IDE-en du brukar og LibreOffice i Designing & Developing Python Applications på Wiki-en.

APSO-utvidinga

Utvidinga Alternative Python Script Organizer (APSO) gjer det enklare å redigera Pythonskript, særleg når dei er innebygde i eit dokument. Ved hjelp av APSO kan du setja opp programmet du helst brukar for å redigera kjeldekoden og opna det innebygde Python-shell-et og utføra feilfinning i Python-skript. Det finst utvidingar du kan bruka for å sjå på tilfeldige UNO-objekt. Sjå Designing & Developing Python Applications for meir om dette.

Støtt oss!