Opna eit dialogvindauge med Basic

Gå ut av dialogvindauge-redigeringa ved å trykkja på namnefliken i LibreOffice BASIC-vindauget dialogvindauget er knytt til. Namnefliken er nedst i vindauget.

Skriv inn denne koden for ein subrutine kalla VisDialogvindauge1. I dette eksempelet vert dialogvindauget du laga kalla "Dialogvindauge1":


Sub Dialog1Show
    With GlobalScope.BasicLibraries
       If Not .IsLibraryLoaded("Tools") Then .LoadLibrary("Tools")
    End With
    oDialog1 = Tools.ModuleControls.LoadDialog("Standard", "Dialog1")
    oDialog1.Execute()
End Sub

Slik kan du kalla opp koden utan å bruka funksjonen «LoadDialog»:


Sub Dialog1Show
    DialogLibraries.LoadLibrary("Standard")
    oDialog1 = CreateUnoDialog( DialogLibraries.Standard.Dialog1 )
    oDialog1.Execute()
End Sub

"Dialogvindauge1" vert opna når du køyrer denne koden. Du lukker dialogvindauget ved å klikka på lukkeknappen (x) på tittellinja.

Støtt oss!