Oppkall av Python-skript frå Basic

Det er råd å kalla opp Python-skript frå LibreOffice, noko som kan brukast for å laga nyttige funksjonar, slik som

tip

Rett handsaming av LibreOffice Basic og Application Programming Interface (API) vert tilrådd før du kallar opp andre programmeringsspråk frå Basic, som for eksempel til Python, Java eller ein annan skrift-motor.


Oppkall av Python-skript

Python-skript kan vera private, delte eller innebygde i dokument. For å kunna køyra dei, må % PRODUCTNAME Basic vera utstyrt med stiar for Python-skript. Ved å finna com.sun.star.script.provider.XScript grensesnitt-kompatible UNO-objekt kan du køyra Python-skript:


         Option Explicit
             
         Public Function GetPythonScript(macro As String, _
                 Optional location As String) As com.sun.star.script.provider.Xscript
             ''' Får Python-skript-objekt før utføringa
             ' Argument:
             '    makro   : som "library/module.py$macro" eller "module.py$macro"
             '    plassering: som "document", "share", "user" eller ENUM(eration)
             ' Resultat:
             '    funne com.sun.star.script.provider.XScript UNO service'''
             If IsMissing(location) Then location = "user"
             Dim mspf As Object ' com.sun.star.script.provider.MasterScriptProviderFactory
             Dim sp As Object ' com.sun.star.script.provider.XScriptProvider-kompatibel
             Dim uri As String
             If location="document" Then
                 sp = ThisComponent.getScriptProvider()
             Else
                 mspf = CreateUNOService("com.sun.star.script.provider.MasterScriptProviderFactory")
                 sp = mspf.createScriptProvider("")
             End If
             uri = "vnd.sun.star.script:"& macro &"?language=Python&location="& location
             GetPythonScript = sp.getScript(uri)
         End Function ' GetPythonScript
      

Køyra Python-skript

Skriptnettverket LibreOffice Application Programming Interface (API) har støtte for å køyra blanda skript mellom Python og Basic, eller andre programmeringsspråk for den saks skuld. Såleis kan argument sendast mellom språka dersom dei er såkalla primitive datatypar som begge språka forstår og at dei vert konverterte korrekt.

Syntaks

workstation_name = script.invoke(Array(), Array(), Array())

opSysName = script.invoke(Array(), in_outs, Array()) ' in_out er ei matrise

file_len = script.invoke(Array(systemFilePath), Array(), Array())

normalizedPath = script.invoke(Array(systemFilePath), Array(), Array())

Eksempel på innebygde skript

Under rutinane ComputerName og GetFilelen vert dei tilsvarande Pytonrutinane kalla opp med dei tidlegare nemnde funksjonane GetPythonScript . Unntakshandsaminga er ikkje detaljert.


         Option Explicit
         Option Compatible ' Støtte for eigenskapar
             
         Private scr As Object ' com.sun.star.script.provider.XScript
             
         Private Property Get ComputerName As String
             '''Namnet på arbeidsstasjonen'''
             scr = GetPythonScript("Platform.py$computer_name", "document")
             ComputerName = scr.invoke(Array(), Array(), Array())
         End Property ' ComputerName
             
         Private Function GetFilelen(systemFilePath As String) As Currency
             '''Filstorleik i byte'''
             scr = GetPythonScript("Os/Path.py$get_size", Script.ISEMBEDDED)
             GetFilelen = scr.invoke(Array(systemFilePath), Array(), Array(),)
         End Function ' GetFilelen
             
         Private Type _SCRIPT_LOCATION
             ISEMBEDDED As String ' dokument-skript
             ISPERSONAL As String ' brukarskript
             ISSHARED As String ' LibreOffice-makro
         End Type ' _SCRIPT_LOCATION
             
         Public Function Script() As Object ' Text enumeration
             Static enums As _SCRIPT_LOCATION : With enums
             If .ISEMBEDDED = "" Then
                 .ISEMBEDDED = "document" ' dokument-skript
                 .ISPERSONAL = "user" ' brukarskript
                 .ISSHARED = "share" ' LibreOffice-makro
             End If : End With ' enums
             Script = enums
         End Function ' Script
      

To ulike Pythonmodellar vert kalla opp. Dei kan anten vera innebygde i det gjeldande dokumentet eller verta lagra i filsystemet. Kontroll av argumenttype er sløyfa for å gjere eksempelet klarare.


         # -*- coding: utf-8 -*-
         from __future__ import unicode_literals
          
         import platform
          
         def computer_name() -> str:
             return platform.node()
          
         def OSname() -> str:
             return platform.system()
      

         # -*- coding: utf-8 -*-
         from __future__ import unicode_literals
          
         import os.path
          
         def get_size(systemFilePath: str) -> str:
             return str(os.path.getsize(systemFilePath))
          
         def normalyze(systemPath: str) -> str:
             return os.path.normpath(systemPath)
      

Eksempel på personlege og delte skript

Oppkallsmekanismen for personlege og delte Python-skript er den same som for innebygde skript. Biblioteknamna er tilordna mapper. Utrekninga av brukarprofilen for LibreOffice og filstiar for delte modular kan gjerast som i Henta bolkinformasjon. Rutinane OSName, HelloWorld og NormalizePath kallar opp dei tilsvarande Python-rutinane ved hjelp av den tidlegare nemnde funksjonen GetPythonScript. Unntakshandsaminga er ikkje detaljert.


         Option Explicit
         Option Compatible ' Eigenskapane er støtta
             
         Private scr As Object ' com.sun.star.script.provider.XScript
             
         Private Property Get OSName As String
             '''Plattformnamn som "Linux", "Darwin" eller "Windows"'''
             scr = GetPythonScript("Platform.py$OSname", Script.ISPERSONAL)
             OSName = scr.invoke(Array(), Array(), Array()) 
         End Property ' OSName
             
         Private Sub HelloWorld()
             '''LibreOffice Python delt prøve'''
             scr = GetPythonScript("HelloWorld.py$HelloWorldPython", Script.ISSHARED)
             scr.invoke(Array(), Array(), Array(),)
         End Sub ' HelloWorld
             
         Public Function NormalizePath(systemFilePath As String) As String
             '''Overflødig avsnitt '\..' i sti'''
             scr = GetPythonScript("Os/Path.py$normalyze", "user")
             NormalizePath = scr.invoke(Array(systemFilePath), Array(), Array())
         End Function ' NormalizePath
      

Python standardmodular

Innebygd Python i % PRODUCTNAME inneheld mange standardbibliotek som du kan dra nytte av. Dei har mange funksjonar, mellom andre

Støtt oss!