LibreOffice 7.3 Hjelp
Access2Base er eit LibreOffice Basic-bibliotek med makroar for utviklarar og avanserte brukarar. Det er eit av biblioteka under «LibreOffice makroar og dialogar».
Funksjonane i dei innebygde makroane er direkte inspirerte av Microsoft Access. Makroane kan kallast opp frå LibreOffice Base og frå kva LibreOffice-dokument som helst (Writer, Calc, …) der det er behov for tilgang til ein database.
API-en som kjem med Access2Base er meir konsise, intuitive og lettare å læra enn dei vanlege UNO API-ane. (API = Application Programming Interface eller applikasjonsprogrammeringsgrensesnitt på norsk).
Biblioteket er dokumentert på http://www.access2base.com
ein enkel API som kan utvidast for skjema, dialogvindauge og kontrollelement på same måten som med objektmodellen Microsoft Access.
ein API for databasetilgang med objekta tabell, spørjing, postar og felt
ei rad med handlingar som har ein syntaks identisk med dei tilsvarande Microsoft Access-makroane/-handlingane
databasefunksjonane DLookup, DSum, …
støtte for snarvegnotasjon som Forms!myForm!myControl.
i tillegg
ein konsistens feil- og unntakshandsamar,
høve til å programmera skjema, dialogar og å kontrollera handlingar og
støtte for både innebygde og sjølvstendige (Writer) skjema
REM Open a form ...
OpenForm("myForm")
REM Move a form to new left-top coordinates ...
Dim ofForm As Object ' In VBA => Dim ofForm As Form
Set ofForm = Forms("myForm")
ofForm.Move(100, 200)
REM Get the value of a control ...
Dim ocControl As Object
ocControl = ofForm.Controls("myControl")
MsgBox ocControl.Value
REM Hide a control ...
ocControl.Visible = False
REM ... or alternatively ...
setValue("Forms!myForm!myControl.Visible", False) ' Shortcut notation
' In VBA => Forms!myForm!myControl.Visible = False