Formellinja
Med Formellinja kan du laga reknestykke som du kan setja inn i eit tekstdokument. Trykk F2 for å visa Formellinja.
Formel
Opnar ein undermeny som du kan bruka til å setja inn ein formel i ei tabellcelle. Plasser skrivemerket i ei tabellcelle eller på den staden i dokumentet der du vil at resultatet skal visast. Trykk på knappen Formel og vel den formelen du ønskjer frå undermenyen.
Bruk
Overfører innhaldet frå skrivefeltet til dokumentet og lukkar formellinja. Innhaldet i skrivefeltet vert sett inn ved skrivemerket i dokumentet.
Formelområde
Lèt deg laga ein formel ved å skriva han direkte inn, eller ved å trykkja på ikonet Formel for å visa formlane i ein undermeny.