Statuslinja

Statuslinja viser informasjon om dokumentet og inneheld ulike ikon med eigne funksjonar.

Sidetal

Sidetalet vert vist i dette feltet på statuslinja. Dobbeltklikk for å opna strukturvindauget der du kan bla fram og tilbake i dokumentet. Høgreklikk for å visa alle bokmerka i dokumentet. Ved å trykkja på eit bokmerke vert skrivemerket plassert der bokmerket står.

Denne sidestilen

Viser den gjeldande sidestilen. Dobbeltklikk for å redigera stilen, eller høgreklikk for å velja ein annan stil.

Språk

Viser språket på den markerte teksten.
Trykk for å opna ein meny der du kan velja eit anna språk for den markerte teksten eller det gjeldande avsnittet.
Vel Ingen for å ikkje sjekka teksten for stave- og orddelingsfeil.
Vel Meir for å opna eit dialogvindauge med fleire val.

Innsetjingsmodus

Viser den gjeldande innsetjingsmodusen. Du kan veksla mellom «INN» (sett inn) og «OVER» (skriv over).

Merkingsmodus

Her kan du byte mellom ulike markeringsmodus.

Dokumentendring

Viss det er gjort endringar i dokumentet sidan det sist vart lagra, vert «*» vist i dette feltet på statuslinja. Dette gjeld også nye dokument som ikkje er lagra ennå.

Digital signatur

SjåDigitale signaturar.

Kombinert vising

Vis informasjon om det opne dokumentet.

Skaler og vis oppsett

Dei tre kontrollane på statuslinja i Writer lèt deg endra skaleringa og visinga av tekstdokumenta dine.

Vis oppsett-ikona frå venstre til høgre: Enkeltsidemodus viser éi og éi side. Visingsmodus viser sidene side ved side. Bokmodus viser to sider om gongen, som i ei open bok.

Dra glidebrytaren for skalering til venstre for å sjå fleire sider, eller drag til høgre for å skalera til ei side og eit mindre område på denne sida.

Skalering

Viser den gjeldande skaleringsfaktoren for sidevisinga.