Verktøylinja «Tabell»

Tabellinja inneheld funksjonar for arbeid med tabellar. Linja vert vist når du flyttar skrivemerket til ein tabell.

Set inn tabell

Set inn ein tabell i dokumentet. Du kan òg trykkja på pila, dra med musa for å velja talet på rader og kolonnar i tabellen og så trykkja i den siste cella.

Ikon

Tabell

Linjestil

Trykk her for å opna verktøylinja Linjestilar, der du kan endra kantlinjestilen.

Ikon

Linjestil

Kantlinjefarge

Trykk på knappen Kantlinjefarge for å opna verktøylinja for kantlinjefarge, som let deg endra kantlinjefargen på eit objekt.

Ikon

Linjefarge (på kantlinja)

Kantlinjer

Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.

Ikon

Kantlinjer

Bakgrunnsfarge

Trykk for å opna ei verktøylinje der du kan velja ein bakgrunnsfarge for eit avsnitt. Fargen kan setjast inn i det gjeldande avsnittet eller i merkte avsnitt.

Ikon

Bakgrunnsfarge

Slå saman celler

Slår saman innhaldet av dei valde tabellcellene til éi enkelt celle.

Ikon

Slå saman celler

Del celler

Deler cella eller cellegruppa vassrett eller loddrett i så mange celler som du skriv inn.

Ikon

Del celler

Beste storleik

Opnar ei verktøylinje som inneheld funksjonar for å optimere rader og kolonnar i tabellar.

Ikon

Beste storleik

Øvst

Plasser innhaldet øvst i cella.

Midtstill (loddrett)

Klassifiserer den valde termen.

Nedst

Juster innhaldet nedst i cella.

Set inn rader

Set inn éi eller fleire rader i tabellen under skrivemerket. Du kan setja inn fleire enn éi rad ved å opna det tilhøyrande dialogvindauget (vel Tabell → Set inn → Rader) eller ved å velja fleire enn éi rad før du trykkjer på ikonet. Med den andre metoden får dei nye radene same høgd som dei radene du valde.

Ikon

Set inn rad

Set inn kolonne

Set inn éin eller fleire kolonnar i tabellen etter markeringa. Du kan setja inn fleire kolonnar samstundes ved å opna dialogvindauget (vel Tabell → Set inn → Kolonnar) eller ved å velja fleire kolonnar før du trykkjer på ikonet. Med den siste metoden får dei nye kolonnane same relative breidd som dei kolonnane du valde.

Ikon

Set inn kolonne

Slett rad

Slett dei valde radene frå tabellen.

Ikon

Slett rader

Slett kolonne

Slett dei valde kolonnane frå tabellen.

Ikon

Slett kolonnar

Autoformatering

Formaterer den gjeldande tabellen automatisk, inkludert skrift, skuggelegging og kantlinjer.

Tabelleigenskapar

Viser eigenskapane til den valde tabellen, for eksempels namn, justering, avstand, kolonnebreidd, kantlinjer og bakgrunn.

Sorter

Sorterer dei valde avsnitta eller tabellradene alfabetisk eller numerisk. Du kan velja opptil tre sorteringsnøklar og i tillegg kombinera sortering med tal og bokstavar.

Sum

Slå på sum-funksjonen. Merk at skrivemerket må vera i cella der du vil at summen skal dukka opp.

Ikon

Sum