Formateringslinja

Formateringslinja inneheld fleire funksjonar for tekstformatering.

Stilar

Vel om dialogvindauget for stilar skal visast eller gøymast. Der kan du også tildela og organisera stilar.

Ikon

Stilar

Set avsnittsstil

Tildeler ein stil til gjeldande avsnitt, merkte avsnitt eller eit merkt objekt.

Set avsnittsstil

Set avsnittsstil

Skriftnamn

Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.

Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver LibreOffice dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.

Ikon

Skriftnamn

Skriftstorleik

Du kan velja mellom ulike skriftstorleikar frå denne lista, eller du kan skriva inn storleiken manuelt.

Halvfeit

Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.

Ikon

Halvfeit

Kursiv

Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.

Ikon

Kursiv

Understreking

Understrekar eller fjernar understreking frå teksten.

Ikon

Understreka

Venstre

Justerer avsnitta til venstre marg.

Ikon

Venstrejustert

Midtstilt

Midtstiller det merkte avsnittet.

Ikon

Høgre

Justerer avsnitta til høgre marg.

Ikon

Høgrejustert

Blokkjuster

Blokkjusterer dei valde avsnitta til begge margane. Du skal også kunne setja opp justeringsinnstillingar for den siste linja i eit avsnitt ved å velja Format → Avsnitt → Justering.

Ikon

Blokkjustert

Nummerering på/av

Legg til eller fjern nummerering for dei valde avsnitta. Vel Format → Punkt og nummerering for å velja nummereringsformat. For å visa verktøylinja Punkt 
og nummerering, vel Vis → Verktøylinjer → Punkt og nummerering.

Ikon

Nummerering på/av

Punktmerking på/av

Legg til eller fjern punktmerke i dei valde avsnitta.

Ikon

Punktmerking på/av

Mindre innrykk

Trykk på knappen Minka innrykk for å redusera venstreinnrykket på gjeldande avsnitt eller celleinnhald og setja det til førre tabulatorstopp.

Ikon

Mindre innrykk

Større innrykk

Trykk på knappen «Større innrykk» for å auka venstreinnrykket på gjeldande avsnitt eller celleinnhald og setja det til neste tabulatorstopp.

Ikon

Større innrykk

Skriftfarge

Klikk for å bruka den gjeldande skriftfargen på dei merkte teikna. Du kan også klikka her og laga ei markering for å endra tekstfargen. Klikk på pila ved sida av symbolet for å opna verktøylinja for skriftfarge.

Ikon

Skriftfarge

Utheving

Brukar den gjeldande uthevingsfargen som bakgrunn for tekstutvalet. Dersom du ikkje har merkt nokon tekst, må du trykkja uthevings-knappen, merkja teksten du vil utheva og så trykkja utheving att. Du endrar uthevingsfargen ved å trykkja på pila ved uthevings-knappen og så trykkja på den fargen du vil ha.

Ikon

Uthevingsfarge

Bakgrunnsfarge

Trykk for å opna ei verktøylinje der du kan velja ein bakgrunnsfarge for eit avsnitt. Fargen kan setjast inn i det gjeldande avsnittet eller i merkte avsnitt.

Ikon

Bakgrunnsfarge

Fleire ikon

Større skrift

Aukar skriftstorleiken på den valde teksten.

Mindre skrift

Minkar skriftstorleiken på den valde teksten.

Dersom CTL-støtte (kompleks tekst) er slått på, vil to ekstra ikon vera synlege.

Venstre til høgre

Venstre til høgre-ikonet

Teksten vert skriven frå venstre til høgre.

Høgre til venstre

Høgre til venstre-ikonet

Teksten vert skriven frå høgre mot venstre. Dette vert brukt på tekst som er formatert med kompleks tekst-oppsett.