Skjema

Inneheld kommandoar for å slå på modus for utforming av skjema, opnar kontrollvegvisaren og set inn skjemakontrollelement i tekstdokumentet.

Utformingsmodus

Slår utformingsmodus av eller på.

Vegvisar for kontrollelement

Slår av eller på vegvisaren for kontrollelement.

Merkelappfelt

Ikon

Legg til eit felt som viser tekstetikettar. Desse etikettane er berre for å vise førehandvald tekst og ikkje til å skrive inn ny tekst.

Tekstfelt

Ikon

Legg til eit skrivefelt der du kan skriva inn og redigera tekst.

Avkryssingsboks

Ikon

Legg til ein avkryssingsboks som du kan bruka for å slå av eller på ein funksjon.

Valknapp

Ikon

Legg til ein knapp som brukaren kan bruka for å velja mellom fleire ulike innstillingar. Grupperte alternativknappar må ha tabulatorindeksar som følgjer kvarandre. Dei er til vanleg omringa av eit gruppefelt. Dersom du har to grupper med alternativknappar, kan du setja inn ein tabulatorindeks mellom tabulatorindeksane for dei to gruppene på grupperamma.

Kombinasjonsboks

Ikon

Legg til ein kombinasjonsboks. Ein kombinasjonsboks er ein listeboks med ei linje som brukaren kan nytta for å velja eit punkt frå lista. Dersom du ønskjer det, kan du skriveverna elementa i kombinasjonsfeltet.

Knapp

Ikon

Legg til ein kommandoknapp. Du kan bruka ein kommandoknapp for å utføra ein kommando for ei særskild hending, som for eksempel eit museklikk.

Dersom du ønskjer det, kan du leggja tekst eller bilete på knappen.

Biletknapp

Ikon

Lager ein knapp som vert vist som eit bilete. Bortsett frå sjølve biletet, har ein biletknapp dei same eigenskapane som ein vanleg knapp.

Formatert felt

Ikon

Legg til eit tekstfelt der du kan definere formateringa for tekst som vert skrive inn eller skrive ut, eller leggja inn ein avgrensingsverdi.

Fleire felt

Skjemafelt for dato, klokkeslett, valuta og mønster.

Gruppeboks

Ikon

Legg til ei ramme som du kan bruka til visuelt å gruppere liknande kontrollelement, for eksempel valknappar.

Biletfelt

Ikon

Lag eit biletfelt. Kontrollelementet kan berre brukast til å leggja til bilete frå ein database. Dobbeltklikk på eit av kontrollelementa i skjemadokumentet for å opna dialogvindauget Set inn bilete. Det finst òg ein sprettoppmeny (ikkje i teiknemodus) med kommandoar for å setja inn og sletta bilete.

Bilete frå ein database kan visast i skjema og nye bilete kan setjast inn i databasen så lenge biletfeltet ikkje er skrivesperra. Kontrollelementet må visa til eit databasefelt av bilettypen. Dette kan du velja på fana Data i eigenskapane.

Filveljing

Ikon

Legg til ein knapp som opnar eit dialogvindauge for val av filer.

Tabellelement

Ikon

Lagar eit tabellelement som viser ein databasetabell. Dersom du lagar eit nytt tabellelement, opnar Vegvisaren for tabellelement seg.

Navigasjonslinje

Ikon

Lag ei navigasjonslinje.

Eigenskapar for kontrollelement

Opnar eit dialogvindauge for å redigera eigenskapane for det valde kontrollelementet.

Skjemaeigenskapar

I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet.

Skjemastruktur

Opnar dialogvindauget for skjemastruktur. Vindauget viser alle skjema og underskjema i dokumentet saman med dei kontrollelementa som høyrer til.

Tabulatorrekkjefølgje

Når eit skjema er valt, vert dialogvindauget Tabulatorrekkjefølgje opna. Der kan du velja kva rekkjefølgje kontrollelementa skal veljast i med tabulatortasten.

Opna i utformingsmodus

Opna skjema i utformingsmodus slik at det kan redigerast.

Automatisk fokus på kontrollelement

Slår av eller på automatisk fokus på kontrollelement.