Verktøy

Inneheld staveverktøy, ei biletsamling og verktøy for tilpassing av menyar og programoppsett.

Stavekontroll

Sjekkar stavinga manuelt.

Språk

Opnar ein undermeny der du kan velja språkbestemte kommandoar.

Ordteljing

Tel ord og teikn, med eller utan mellomrom, i den gjeldande markeringa og i heile dokumentet. Teljinga er til ei kvar tid oppdatert og vil endra seg når du skriv inn eller endrar utvalet.

Kapittelnummerering

Vel nummereringsformat og hierarki for kapittelnummerering i dokumentet.

Linjenummerering

Legg til eller fjernar og formaterer linjenummer i det gjeldande dokumentet. Du kan halda eit avsnitt unna linjenummereringa ved å setja skrivemerket i avsnittet, velja Format → Avsnitt, trykkja fana Nummerering og fjerna merket i avkryssingsboksen Ta med dette avsnittet i linjenummereringa.

Fotnotar

Vert brukt for å bestemma korleis fotnotar og sluttnotar skal visast.

Litteraturdatabase

Set inn, slettar, endrar og organiserer oppføringar i litteraturdatabasen.

Vegvisar for brevfletting

Start vegvisaren for brevfletting, der du kan laga fletta brev eller senda e-post til mange mottakarar.

Sorter

Sorterer dei valde avsnitta eller tabellradene alfabetisk eller numerisk. Du kan velja opptil tre sorteringsnøklar og i tillegg kombinera sortering med tal og bokstavar.

Rekn ut

Reknar ut formelen og kopierer resultatet til utklippstavla.

Oppdater

Oppdaterer element med dynamisk innhald i det gjeldande dokumentet, mellom anna felt og register.

Mediespelar

Opnar dialogvindauget for mediespelarar der du kan førehandsvisa video- og lydfiler i tillegg til å setja desse filene inn i dokumentet.

Makroar

Let deg ta opp eller organisera og redigera makroar.

Utvidingshandsamar

Utvidingshandteraren kan leggja til, fjerna, kopla på eller av og oppdatera LibreOffice-utvidingar.

Innstillingar for XML-filtera

Opnar dialogvindauget Innstillingar for XML-filter, der du kan laga, redigera, sletta og testa filter for å importera og eksportera XML-filer.

Innstillingar for autoretting

Vel innstillingar for å byta ut tekst automatisk medan du skriv.

Autotekst

Lag, rediger eller set inn autotekst. Du kan lagra formatert tekst, tekst med bilete, tabellar og felt som autotekst. Dersom du vil setja inn tekst effektivt, trykk snøggtasten for autotekst og så «F3».

Tilpass

Tilpass LibreOffice menyar, sprettoppmenyar, snartastar, verktøylinjer og makrotildelingar til hendingar.

Innstillingar

Dette menyvalet opnar eit dialogvindauge for oppsett av programmet.