Format

Inneheld funksjonar du kan bruka til å endra utforminga av og innhaldet i dokumentet.

Standardformatering

Fjernar direkte formatering og formatering med teiknstilar frå utvalet.

Teikn

Endrar skrifta og skriftformateringa til teikna.

Avsnitt

Endrar formateringa av avsnittet, slik som innrykk og justering.

Punkt og nummerering

Legg til nummerering eller punktmerking av avsnittet. Du kan óg redigera formatet på nummereringa eller punktmerkinga.

Side

Vel formateringsstilane og utforminga av sidestilen, med sidemargar, topp- og botntekster og sidebakgrunn.

Byta mellom store og små bokstavar

Endrar dei valde teikna frå små til store eller store til små bokstavar. Dersom skrivemerket står i eit ord, vert alle bokstavane i ordet endra.

Asiatisk-fonetisk hjelp

Gjer at du kan leggja til merknadar til asiatiske teikn for å visa korleis orda skal uttalast.

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Spalter

Viser talet på kolonnar og kolonneoppsettet for ein sidestil, ei ramme eller ein bolk.

Bolkar

Endrar eigenskapane til dei valde bolkane i dokumentet. Viss du vil setja inn ein bolk, kan du merkja teksten eller klikka i dokumentet og velja Set inn → Bolk.

Autoretting

Formaterar fila automatisk i høve til innstillingane som er gjort i Verktøy → Autoretting → Innstillingar.

Forankring

Vel forankringsinnstillingar for det merkte objektet.

Tekstbryting

Vel korleis teksten skal flyta rundt objekt. Du kan òg tilpassa avstanden mellom teksten og objektet.

Justera (objekt)

Juster dei valde objekta i høve til kvarandre.

Justering (tekstobjekt)

Vel justeringa for det gjeldande avsnittet.

Still opp

Endrar lag-rekkjefølgja i dei valde objekta.

Spegelvend

Snur det merkte objektet vassrett eller loddrett.

Grupper

Grupper held saman valde objekt slik at dei kan flyttast eller formaterast som eitt objekt.

Objekt

Opnar ein undermey slik at du kan endre eigenskapane til det valde objektet.

Ramme

Set inn ei ramme som du kan bruka til éi eller fleire spalter med tekst og objekt.

Bilete

Formater storleik, plassering og andre eigenskapar til det valde biletet.