Vis

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å styra korleis dokumentet skal visast på skjermen.

Normal

Viser korleis dokumentet vil sjå ut når det vert skrive ut.

Nett

Viser dokumentet slik det vil sjå ut i ein nettlesar. Dette er nyttig når du lagar HTML-dokument.

HTML-kjelde

Viser kjeldeteksten til gjeldande HTML-dokument. Denne visinga er tilgjengeleg når du lagar eit nytt HTML-dokument eller opnar eit tidlegare lagra dokument.

Verktøylinjer

Opnar ein undermeny for å visa eller gøyma verktøylinjer. Ei verktøylinje inneheld knappar og val som gjer det lett å bruka LibreOffice-kommandoar.

Statuslinja

Viser eller gøymer statuslinja nedst i vindauget.

Linjalar

Syner ein undermeny der du kan visa eller gøyma dei vassrette og loddrette linjalane.

Rullefelt

Viser eller gøymer dei vassrette og loddrette rullefelta som vert brukte for å endra det synlege dokumentområdet som det ikkje er plass til i vindauget.

Tekstgrenser

Vis eller gøym grensene for området av sida som kan skrivast ut. Desse grenselinjene vert ikkje skrivne ut.

Tabellgrenser

Viser eller gøymer kantlinjene rundt tabellceller som det ikkje er sett inn kantlinjer rundt. Kantlinjene er berre synlege på skjermen og vert ikkje skrivne ut.

Bilete og diagram

Gøymer eller viser grafiske objekt som bilete og diagram i eit dokument.

Merknadar

Vis eller gøym merknadar til dokumentet og svara til merknadane.

Formateringsmerke

Viser teikn i teksten som ikkje vert skrivne ut. Dette kan vera teikn som avsnittsmerke, linjeskift, tabulatorinnrykk og mellomrom.

Rutenett og hjelpelinjer

Slår rutenettet og hjelpelinjene av og på for å gjera det enklare å flytta og plassera objekt på arket.

Gøym blankteikn

Vis dokument med blankteikn ved slutten eller byrjinga av gøymde sider.

Spor endringar

Viser eller gøymer lagra endringar.

Feltskugge

Viser eller gøymer feltskuggar, inkluderte harde mellomrom, mjuke bindestrekar, register og fotnotar.

Feltnamn

Byt mellom å visa feltnamn og feltinnhald i visinga av felt. Dersom det er kryssa av her, vert feltnamna viste. Viss ikkje, vert innhaldet vist. I nokre tilfelle kan ikkje feltinnhaldet visast.

Gøymde avsnitt

Viser eller gøymer gøymde avsnitt. Denne innstillinga påverkar berre skjermvisinga av gøymde avsnitt, ikkje utskrifta.

Sidepanel

Sidepanelet er eit loddrett panel som du kan bruka for å setje eigenskapar, stilhandsaming, vise dokumentstrukturen og mediagalleriet aktuelle for det gjeldande dokumentet.

Stilar

Med stilhandsamaren kan du bruka, laga, redigera, leggja til og sletta formateringsstilar. Du kan ta i bruk ein stil ved å dobbeltklikka han.

Galleriet

Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.

Dokumentstruktur

Viser eller gøymer dokumentstrukturen, der du kan hoppa raskt til ulike delar av dokumentet. Du kan òg bruka dokumentstrukturen til å setja inn element frå andre opne dokument eller til å handtera hovuddokument. Dersom du vil redigera eit element i dokumentstrukturen, høgreklikkar du og vel ein funksjon frå sprettoppmenyen. Dersom du vil, kan du setja fast dokumentstrukturvindauget i kanten på arbeidsområdet.

Datakjelder

Viser ei liste over databasar som er registrerte i LibreOffice og let deg handsama innhaldet i databasane.

Fullskjerm

Viser eller gøymer menyane og verktøylinjenei Writer og Calc. Trykk på Fullskjerm på/av eller trykk på Escape-tasten for å gå ut av fullskjerm-visinga.

Skalering

Forminskar eller forstørrar skjermvisinga av LibreOffice.