Rediger
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å endra innhaldet i dokumentet.
Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.
Gjer om handlinga duangra sist. Trykk på pila rett ved Gjer om-knappen på standardlinja for å velja angre-steget du vil gjera om att.
Gjentar den siste handlinga. Denne kommandoen er tilgjengeleg i Writer og Calc
Fjernar og kopierer utvalet til utklippstavla.
Kopierer utvalet til utklippstavla.
Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sidan av knappen for å velja format.
Set inn innhaldet i utklippstavla inn i den gjeldande fila i eit valfritt format.
Merk alt innhaldet i fila, ramma eller tekstobjektet.
Vel merkingsmodus frå undermenyen. Du kan velja om du vil bruka Standard eller Blokkområde.
Du kan slå på eit markeringsmerke i eit skriveverna tekstdokument eller i hjelp. Vel Rediger → Merk tekst eller opna sprettoppmenyen til eit skriveverna dokument og vel Merk tekst. Markeringsmerket blinkar ikkje.
Gjer at brukaren kan klikka ved byrjinga, midten eller slutten av ei tekstlinje på ei side og byrja å skriva inn.
Slår visinga av Søk-linja på slik at du kan søkje etter tekst eller flytte deg rundt i eit dokument ved hjelp av element.
Finn eller erstattar tekst eller formaterer dokumentet.
Gå til side
Opnar vindauget for dokumentstruktur på talboksen slik at du kan skriva inn eit sidenummer.
Viser ei liste over tilgjengelege kommandoar for å spora endringar i fila.
Opnar eit dialogvindauge der du kan laga og redigera hyperlenkjer.
Redigerer det valde fotnote- eller sluttnotemerket. Trykk framføre fotnoten eller sluttnoten og vel denne kommandoen.
Rediger det valde stikkordet. Trykk framføre eller på stikkordet og vel denne kommandoen.
Rediger den merka litteraturtilvisinga.
Opnar eit dialogvindauge der du kan endra eigenskapane til eit felt. Klikk framføre feltet og vel så denne kommandoen. I dialogvindauget kan du bruka pilknappane til å flytta til førre eller neste felt.
Let deg redigera eigenskapane til kvar lenkje i dokumentet, også stien til kjeldefila. Denne kommandoen er ikkje tilgjengeleg dersom dokumentet ikkje inneheld lenkjer til andre filer.
Lèt deg laga eit biletkart med lenkjeområde (hotspots) på eit bilete eller ei gruppe av bilete. Eit biletkart er eit bilete med ulike område som kan lenkjast til kvar sine adresser.
Let deg redigera eit merkt objekt som du har sett inn i fila med kommandoen .
Byt datakjelde for dokumentet. Den nye databasen må ha dei same feltnamna for at felta i dokumentet skal kunna visast.
Bruk knappen Rediger fil for å slå av eller på redigeringsmodus.