Telje ord

  1. Talet på ord og teikn vert vist på statuslinja og vert oppdatert etter kvart som du skriv.

  2. Dersom du berre vil telja noko av teksten i dokumentet, merkar du denne teksten.

  3. For å visa meir statistikk, som talet på teikn utanom mellomromma, dobbeltklikk på ordteljinga på statuslinja og vel Verktøy → Ordteljing.

Korleis tel LibreOffice ord?

Til vanleg er kvar teiknstreng mellom to mellomrom eit ord. Også tankestrekar, linjeskift og avsnitt er avgrensingar mellom ord.

Ord som alltid inneheld ein synleg delestrek, som plug-in og neste/førre, vert rekna som eitt ord.

Orda kan vera ei blanding av bokstavar, tal og spesialteikn. Den følgjande teksten vert såleis tald som fire ord: abc123 1.23 "$" http://www.example.com.

For å leggja til eit tilpassa teikn som skal brukast som ordskilje, vel → LibreOffice Writer → Generelt og skriv inn ønskt skiljeteikn i feltet Fleire skiljeteikn.

Tipsikon

For å få fleir statisiske opplysningar om dokumentet, vel Fil → Eigenskapar → Statistikk i filutforskaren.


Fil → Eigenskapar → Statistikk