Finjustering av ordfullføringa i tekstdokument

Ønskjer du at LibreOffice automatisk skal fullføra ord du ofte bruker, kan du tilpassa denne funksjonen etter eigne behov. Du kan også lagra den gjeldande lista med oppsamla ord slik at du kan bruka ho i neste økt.

For å fininnstilla ordfullføringa vel du Verktøy → Innstillingar for autoretting → Fullføring av ord og vel ein av desse:

Slik set du inn eit ekstra mellomrom

Vel Legg til mellomrom.

Merknadsikon

Mellomromsteiknet vert lagt til etter du har skrive det første teiknet i ordet som kjem etter det automatisk fullførte ordet. Mellomromsteiknet vert ikkje lagt til dersom det neste teiknet er eit skiljeteikn, som for eksempel eit punktum eller eit linjeskift.


Slik definerar du godta-tasten

Vel tasten du skal bruka for å godkjenna ordforslaget i nedtrekkslista Godta med.

Slik bestemmer du det minste talet på teikn

Bruk feltet Minste ordlengd for å setja kor mange teikn eit ord må ha for å verta registrert i lista.

Slik bestemmer du omfanget av innsamla ord

Fjern merkinga framføre Fjern orda som er samla frå dokumentet frå lista når du lukkar dokumentet.

No gjeld lista også i andre dokument du opnar. Når du lukkar det siste LibreOffice-dokumentet, vert ordlista sletta.

Dersom du ikkje kryssar av for dette, gjeld lista berre så lenge det gjeldande dokumentet er ope.

Dersom du vil at ordlista skal eksistera lenger enn i den gjeldande LibreOffice-økta, kan du lagra henne som eit dokument. Dette er skildra i det følgjande avsnittet.

Slik bruker du ordlista for fleire økter

Merknadsikon

Dersom innstillinga for automatisk stavekontroll slått på, er det berre dei orda som vert attkjende av stavekontrollen som vert lagra.


Bruka ordlista til alltid å byrja med ei viss mengd tekniske omgrep til ordfullføring.

  1. Opna tekstdokumentet som inneheld dei orda du vil bruka i ordfullføringa.

    Ordfullføringsfunksjonen lagrar orda.

  2. Vel alle eller nokre av orda på lista.

  3. Trykk + C for å kopiera alle dei valde orda til utklippstavla. Set så innhaldet på utklippstavla inn i eit nytt dokument og lagra det for å få ei liste over lagra ord.

    Seinare kan du opna denne lista og automatisk lagra orda, slik at ordfullføringa startar med ei viss mengd ord på førehand.