Fullføring av ord i tekstdokument
LibreOffice lagrar dei orda du bruker ofte i den noverande økta. Når du seinare skriv dei tre første bokstavane (eller fleire) i eit lagra ord, vil LibreOffice automatisk fullføra ordet.
Viss det finst meir enn eitt ord i autorettingsminnet som høver med dei tre bokstavane du har skrive inn, trykk CmdCtrl + Tabulator for å sjå gjennom lista etter passande ord. Ønskjer du å leita bakover i lista, trykk CmdCtrl + Shift + Tabulator.
Slik godtar eller avviser du autofullføring av eit ord
-
Som standard godtek du ei ordfullføring ved å trykkja på Enter.
-
For å avvisa ei ordfullføring, held du berre fram med å skriva.
Slik slår du av autofullføring av ord
-
Vel
. -
Fjern markeringa for Slå på fullføring av ord.