Setja inn, redigera og kopla tekstrammer

Ei tekstramme kan innehalda tekst og bilete, og du kan plassera henne kvar som helst på ei side. Du kan også bruka ei ramme for å bruka eit spalteoppsett på ein tekst.

Slik set du inn ei tekstramme

  1. Merk den teksten du vil skal vera med i ramma.

  2. Vel Set inn → Ramme og trykk OK.

Slik redigerar du ei tekstramme

Slik gøymer du tekst ved utskriving

Alle tekstrammer i Writer kan setjast i ein modus som viser teksten i dei på skjermen utan at han vert skriven ut.

  1. Merk tekstramma (du ser dei åtte handtaka).

  2. Vel Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Val

  3. Fjern markeringa i avkryssingsfeltet Skriv ut i området Eigenskapar og trykk OK.

Slik lenkjar du saman tekstrammer

Du kan kopla saman tekstrammer i Writer, slik at innhaldet deira automatisk flyt frå den eine ramma til den andre.

  1. Trykk på kanten av den ramma du vil kopla. Markeringshandtak dukkar då opp på kantane av henne.

  2. Klikk på symbolet Lenk rammerIkon på rada Rammer.

  3. Trykk på ramma du vil kopla til.

Du kan berre kopla rammer dersom

Når du vel ei kopla ramme, vert det vist ei linje som koplar saman dei to rammene.

Merknadsikon

Funksjonen automatisk storleik er tilgjengeg berre for den siste ramma i ei rad av lenkja rammer.