Byta til store/små bokstavar i ein tekst

Du kan byta mellom store og små bokstaver i ein tekst, formatera tekst med store bokstavar i redusert storleik eller endra første bokstaven i kvart ord i eit merkt område til stor bokstav.

Merknadsikon

Når du brukar tekstformatering med Format → Teikn, vert ikkje teksten endra. Han vert berre vist på ein annan måte. Vel du derimot Format → Tekst eller Format → Tekst → Byt små/store bokstavar vert teksten endra permanent.


Slik endrar du tekst til store bokstavar

  1. Merk den teksten du vil endra til store bokstavar.

  2. Gjer éin av desse:

    Vel Format → Tekst → Store bokstavar.

    Vel Format → Teikn, klikk på fana «Skrifteffektar» og vel «Store bokstavar» i nedtrekksmenyen «Effektar». Valet «Overskrifter» i denne menyen gjer at første bokstav i kvart ord vert stor, medan «Kapitéler» gjer alle bokstavane store, men i ein mindre skriftstorleik.

Slik endrar du tekst til små bokstavar

  1. Merk den teksten du vil endra til små bokstavar.

  2. Gjer éin av desse:

    Vel Format → Tekst → Små bokstavar.

    Vel Format → Teikn og klikk på fana «Skrifteffektar» og vel «Små bokstavar» i nedtrekksmenyen «Effektar».

Utheva tekst