Tekstanimasjon

Du kan berre animera tekst som er ein del av eit teikneobjekt, som for eksempel rektangel, linjer eller tekstobjekt. Teikna for eksempel eit rektangel, dobbeltklikk deretter på det og skriv inn teksten din.

  1. Vel teikneobjektet som inneheld den teksten du vil animera.

  2. Vel Format → Objekt → Teksteigenskapar og klikk på fana Tekstanimasjon.

  3. Vel den animasjonen du vil bruka i feltet Effekt.

  4. Vel eigenskapane for effekten og trykk på OK.