Endra rad- og kolonnestorleik i ein teksttabell

Du kan endra breidda på både tabellceller og -kolonnar, og høgda på tabellrader.

Ikon

Du kan også fordela rader og kolonnar jamt ved hjelp av knappane på verktøylinja Optimer storleik på linja Tabell.

Endra breidda på kolonnar og celler

Slik endrar du breidda på ein kolonne

Gjer éin av desse:

Merknadsikon

Du kan bestemma korleis piltastane skal verka ved å velja → LibreOffice Writer → Tabell og velja kva som skal styrast av piltastane i området Tastaturhandtering.


Slik endrar du breidda på ei celle

Hald nede og trykk Pil høgre eller Pil venstre.

Endra høgda på ei rad

For å endra radhøgda set du markøren i ei celle i rada, held nede medan du trykkjer på Pil opp eller Pil ned.

Slik endrar du storleiken på ein tabell

Gjer éin av desse for å endra breidda og høgda på ein tabell:

Tipsikon

For å kunna bryta teksten ved kantane av ein tabell og for å kunna setja opp to tabellar ved sida av kvarandre, må du setja tabellane inn i ei ramme. Klikk inne i tabellen og trykk + A to gongar for å merkja heile tabellen. Vel så Set inn → Ramme.


Merknadsikon

Tabellar i HTML-dokument har ikkje alle dei eigenskapane og funksjonane som tabellar i OpenDocument-format har.


Endra rader og kolonnar med tastaturet

Leggja til eller fjerna ei rad eller ein kolonne ved å bruka tastaturet

Dela og slå saman celler

Bruka linjalar