Oppdatera stilar frå utval

  1. Vel Vis → Stilar

  2. Trykk på ikonet for den stiltypen du vil oppdatera.

  3. Trykk på den staden i dokumentet du vil kopiera den oppdaterte stilen frå. Vel for eksempel eit avsnitt som inneheld manuell formatering som du vil kopiera.

  4. Vel kva for stil du vil oppdatera i stilhandsamaren.

  5. Trykk på pila ved sidan av ikonet Ny stil frå utval og vel Oppdater stil frå undermenyen.

Merknadsikon

Det er berre dei manuelt formaterte teksteigenskapane ved markørplasseringa som vert lagt til stilen som er vald i vindauget «Stilhandsamar». Eigenskapar lagt til som ein del av stilen vert ikkje lagt til i den oppdaterte stilen.