Bruka smarte taggar

Smarte taggar gjev meir informasjon og funksjonalitet til visse ord i eit Writer-dokument. Dei tilgjengelege funksjonane kan variera i dei ulike utvidingane for smarte taggar.

Installera smarte taggar

Smarte taggar kan hentast som utvidingar til LibreOffice Writer.

For å installera smarte taggar, gjer du éin av desse:

Menyen for smarte taggar

All tekst i eit Writer-dokument kan merkjast med ein smart tagg. Som standard er dette ei magentafarga understreking. Du kan endra denne fargen i → LibreOffice → Programfargar.

Når du held musa over ein smarttagg, vil eit tips informera deg om at du kan opna menyen Smarte taggar med Ctrl + klikk. Dersom du ikkje bruker musa, kan du plassera skrivemerket i den merkte teksten og opna sprettoppmenyen med Skift + F10.

I menyen for smarte taggar kan du sjå dei tilgjengelege handlingane som er definerte for denne smarte taggen. Vel ei innstilling frå menyen. Kommandoen Innstillingar for smarte taggar opnar sida Smarte taggar i «Verktøy → Innstillingar for autoretting».

Slik tar du i bruk og slår av smarte taggar

Når minst éi smarte taggar-utviding er installert, vil du sjå sida Smarte taggar i dialogvindauget Verktøy → Innstillingar for autoretting. Bruk dette dialogvindauget for å ta i bruk eller slå av smarte taggar og for å handsama dei installerte smarte taggane.

Merknadsikon

Tekst som vert kjend att som ein smart tagg vert ikkje automatisk stavekontrollert.