Bruka bolkar

Bolkar er namngjevne tekstblokker med bilete og objekt, som du kan bruka på fleire måtar:

Ein bolk inneheld minst eitt avsnitt. Når du vel ein tekst og opprettar ein bolk, vert eit avsnittsskift automatisk sett inn på slutten av teksten.

Du kan setja inn bolkar frå eit tekstdokument eller eit heilt tekstdokument som ein bolk i eit anna tekstdokument. Du kan òg setja inn bolkar frå eitt tekstdokument som lenkje til eit anna tekstdokument eller i det same dokumentet.

Merknadsikon

For å setja inn eit nytt avsnitt like før eller etter ein bolk, klikk framføre eller etter bolken og trykk på + Enter.


Bolkar og spalter

Du kan setja inn bolkar i ein eksisterande bolk. For eksempel kan du setja inn ein bolk som inneheld to spalter i ein bolk som inneheld éi spalte.

Eit bolkoppsett, for eksempel talet på spalter, er prioritert over sideoppsettet som er oppgjeve i ein sidestil.