Setja inn bolkar

Du kan setja inn nye bolkar eller referansar til bolkar i andre dokument i det gjeldande dokumentet. Dersom du set inn ein bolk som ei lenkje, vil innhaldet i lenkja verta endra dersom du endrar kjeldedokumentet.

Slik set du inn ein ny bolk

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil setja inn ein ny bolk, eller vel den teksten du vil gjera om til ein bolk.

    Dersom du vel ein tekst som er inne i eit avsnitt, vil teksten automatisk verta gjord om til eit nytt avsnitt.

  2. Vel Set inn → Bolk.

  3. Skriv eit namn på bolken i feltet Ny bolk.

  4. Vel innstillingane for bolken og klikk på Set inn.

Slik set du inn ein bolk som ei lenkje

Før du kan setja inn ein bolk i ei lenkje, må du først oppretta bolkar i kjeldedokumentet.

Når du opnar eit dokument som inneheld lenkja bolkar, vil LibreOffice spørja om innhaldet i bolkane skal oppdaterast. For å oppdatera ei lenkje manuelt, vel Verktøy → Oppdater → Lenkjer.

Du kan også setja inn lenkja bolkar i HTML-dokument. Når du viser sida i ein nettlesar, vil innhaldet i bolkane tilsvara innhaldet som var i bolkane sist HTML-dokumentet vart lagra.

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil setja inn bolken med lenkje.

  2. Vel Set inn → Bolk.

  3. Skriv eit namn på bolken i feltet Ny bolk.

  4. Vel avkryssningsboksen Lenkje i området Lenkje.

  5. Klikk på knappen Bla gjennom ved sida av feltet Filnamn.

  6. Finn dokumentet som inneheld bolken som du vil lenkja til, og klikk på Set inn.

  7. Vel bolken du vil setja inn i boksen Bolk.

  8. Vel Set inn.

Bruka bolkar

Redigera bolkar