Bruka jokerteikn i tekstsøk

Jokerteikn eller plasshaldarar kan brukast for å søkja etter uspesifiserte eller usynlege teikn.

Du kan bruka jokerteikn når du søkjer og byter ut tekst i eit dokument. For eksempel finn «s.n» både «sin» og «son».

  1. Vel Rediger → Søk og byt ut.

  2. Klikk på knappen Fleire val for å utvida dialogvindauget.

  3. Vel avkryssningsboksen Regulære uttrykk.

  4. Skriv inn søkjeordet med dei jokerteikna som skal brukast i søket i feltet Søk etter.

  5. Klikk på Finn neste eller Finn alle.

Eksempel på regulære uttrykk

  1. Jokertegnet for eitt enkelt teikn er eit punktum (.)

  2. Jokerteiknet for null eller fleire førekomstar av det føregåande teiknet er ein asterisk. For eksempel finn «123*» både «12», «123» og «1233».

  3. Jokerteiknkombinasjonen til søk etter null eller fleire førekomstar av alle teikn er eit punktum og ein asterisk (.*)

  4. Jokerteiknet for slutten av eit avsnitt er eit dollarteikn ($). Jokerteiknkombinasjonen for starten av eit avsnitt er ein sirkumfleks og eit punktum (^.)

  5. Jokerteiknet for eit faneteikn er \t.

Merknadsikon

Du kan berre søkja etter regulære uttrykk innan eitt avsnitt. Det vil seie at du ikkje kan søkja etter eit uttrykk i eitt avsnitt og eit anna uttrykk i det neste avsnittet.