Bruka linjalar

Vel Vis → Linjal for å visa eller gøyma linjalane. For å visa den loddrette linjalen, vel LibreOffice Writer → Vis og merk av for Loddrett linjal i området Linjal.

Justera sidemargar

Sidemargane er viste med utfylte område i endane av linjalane.

Justera innrykk

Innrykk vert justerte med dei tre små trekantane på den vassrette linjalen.

  1. For å endra avsnittsinnrykket til venstre eller høgre, kan du markera det avsnittet du vil endra innrykket til og dra nedste venstre eller høgre trekant på den vassrette linjalen til ei ny plassering.

  2. For å endra innrykket til første linja i eit valt avsnitt kan du dra øvste venstre trekant på den vassrette linjalen til ei ny plassering.

Du kan også dobbeltklikka kvar som helst på den vassrette linjalen og tilpasssa innrykka i dialogvindauget Avsnitt.