Skriva ut i kegel

Set i kegel

Set i kegel er eit typografisk uttrykk som vert brukt ved utskrift. Uttrykket viser til lik plassering av linjene på framsida og baksida av arket. Då vert sidene lettare å lesa, sidan ein unngår at grå skuggar vert synlege gjennom arket mellom linjene. Funksjonen sørgjer òg for at linjer i spalter som ligg ved sida av kvarandre får same høgd.

Når eit avsnitt, ein avsnittsstil eller ein sidestil er sett i kegel, vert grunnlinjene til teikna plasserte etter eit fast rutenett, uansett kor stor skrifta er eller om det er bilete i teksten. Dersom du vil, kan du tilpassa rutenettet som ein eigenskap ved sidestilen.

Slik set du opp eit dokument i kegelutskrift

  1. Merk heile dokumentet.

  2. Vel Format → Side → Side.

  3. I området Set i kegel merkjer du av for Slå på og trykkjer OK.

Alle avsnitta i dokumentet vert skrivne ut i kegel, med mindre anna vert oppgjeve.

Slik utelatar du avsnitt frå å verta sette i kegel

  1. Gjer éin av desse:

    Marker dei avsnitta du vil utelata og vel deretter Format → Avsnitt → Innrykk og avstand.

    Opna vindauget Stilhandsamar, klikk på avsnittsstilen du vil utelata, høgreklikk på stilen, vel Rediger. I dialogvindauget klikkar du på fana Innrykk og avstand.

  2. Fjern avmerkinga for Slå på i området Set i kegel.