Setja inn kryssreferansar

Kryssreferansar lèt deg hoppe til visse tekstområde og objekt i eit dokument. Ein kryssreferanse inneheld eit mål og ein referanse som er sette inn som felt i dokumentet.

Objekt med bilettekstar og bokmerke kan brukast som mål.

Kryssreferera til tekst

Før du kan setja inn ein kryssreferanse, må du oppgje måla i teksten.

Slik set du inn eit mål

  1. Vel den teksten du vil bruka som mål for kryssreferansen.

  2. Vel Set inn → Bilettekst.

  3. Vel «Set tilvising» i lista Type.

  4. Skriv eit namn på målet i feltet Namn. Den valde teksten vert vist i feltet Verdi.

  5. Klikk Set inn. Namnet på målet vert lagt til lista Utval.

Hald dialogvindauget ope og gå vidare til neste bolk.

Slik lagar du ein kryssreferanse til eit mål

  1. Plasser skrivemerket på den staden i teksten der du vil setja inn ein kryssreferanse.

  2. Vel Set inn → Kryssreferanse for å opna dialogvindauget, viss det ikkje er opna frå før.

  3. I lista Type, vel «Set inn referanse».

  4. I lista Utval, vel målet som skal kryssrefererast.

  5. I lista Set inn referanse til vel du formatet for kryssreferansen. Formatet bestemmer kva type informasjon som vert vist som ein kryssreferanse. For eksempel set «Referanse» inn målteksten og «Side» sidenummeret der målet er. For fotnotar vert nummeret sett inn.

  6. Vel Set inn.

  7. Trykk på Lukk.

Kryssreferera til eit objekt

Du kan kryssreferera til dei fleste objekta i dokumentet, som for eksempel bilete, teikneobjekt, OLE-objekt og tabellar, så lenge dei har ein bilettekst. For å leggja ein biettekst til eit objekt, vel objektet og så Set inn → Bilettekst.

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil setja inn ein kryssreferanse.

  2. Vel Set inn → Bilettekst.

  3. Vel bilettekstkategorien for objektet i lista Type.

  4. Vel nummeret på biletteksten for det objektet som du vil kryssreferera til i lista Utval.

  5. Vel formatet for kryssreferansen i lista Set inn referanse til. Formatet bestemmer kva type informasjon som vert vist som ein kryssreferanse. For eksempel set «Referanse» inn bilettekstkategorien og sjølve biletteksten for objektet.

  6. Vel Set inn.

  7. Trykk på Lukk når du er ferdig.

Oppdatera kryssreferansar

Du kan oppdatera kryssreferansen manuelt ved å velja Verktøy → Oppdater → Felt på menyen, eller trykka tasten F9.

Tipsikon

Vel Vis → Feltnamn for å skifta mellom vising av referansenamnet og referanseinnhaldet.


Endra kryssreferansar

Setja inn hyperlenkjer frå Dokumentstrukturen

Setja inn hyperlenkjer