Skriva ut fleire sider på eitt ark

I fana Sideoppsett i dialogvindauget Fil → Skriv ut kan du velja å skriva ut fleire sider på kvart ark.

  1. Vel Fil → Skriv uta og opna fana sideoppsett.

  2. Gjer éin av desse:

  1. For å skriva ut to sider per ark, vel «2» i Sider per ark.

  2. For å skriva ut fleire sider på det same arket, vel talet på sider per ark og eventuelt rekkjefølgja. Den vesle førehandsvisinga viser korleis sidene vert plasserte.

  1. Trykk OK.