Skriva ut ein brosjyre

Du kan skriva ut eit Writer-dokument som ein brosjyre eller eit hefte. Det vil seia at Writer skriv ut to sider på kvar side av papiret, så du kan lesa dokumentet som ei bok når du brettar papiret.

Når du lagar eit dokument som du vil skriva ut som ein brosjyre, bør du bruka ståande sideretning på sidene. Writer bruker brosjyreoppsettet når du skriv ut dokumentet.

Skriva ut ein brosjyre

  1. Vel Fil → Skriv ut.

  2. Klikk på OK i dialogvindauget Eigenskapar.

  3. Vel liggjande papirretning i eigenskapane til skrivaren din.

Tipsikon

Dersom skrivaren din har duplex (dobbeltsidig utskrift), bør du bruka innstillinga «duplex – kort kant» i dialogen for skrivaroppsettet. Dette fordi brosjyrar alltid vert skrivne ut i liggjande format.


  1. Gå tilbake til dialogvindauget Skriv ut og klikk på fana Sideoppsett.

  2. Vel Brosjyre.

  3. Har du ein skrivar som automatisk skriv på begge sider av papiret, så oppgje utskrift av høgre- og venstre sider.

  1. Trykk OK.

Dersom du skriv ut ei ståande side med liggjande format, vert to motsette sider i ein brosjyre skrivne ut ved sida av kvarandre. Dersom skrivaren din kan skriva ut på begge sider av arket, kan du laga ein heil brosjyre av dokumentet utan at du må lima saman sidene etterpå. Dersom skrivaren din berre kan skriva ut på den eine sida av arket, kan du oppnå det same ved å først skriva ut framsidene med valet «Framsider / høgresider / oddetalssider» og deretter setja inn att alle papira i skrivaren og skriva ut baksidene med valet «Baksider / venstresider / partalssider».

Merknadsikon

Dersom LibreOffice skriv ut sidene i feil rekkjefølgje, opnar du fana Innstillingar og vel Utskriving i motsett rekkjefølgje og skriv ut dokumentet igjen.