Laga og leggja til sidestilar

LibreOffice bruker sidestilar for å spesifisera oppsettet av ei side, for eksempel sideretning, bakgrunn, margar, topptekstar, botntekstar og tekstspalter. For å endra oppsettet på éi enkelt side i eit dokument, kan du laga og bruka ein tilpassa sidestil på sida.

Endra sideretning (liggjande eller ståande)

Endra sidebakgrunn

Slik lagar du ein ny sidestil

  1. Vel Vis → Stilar.

  2. Trykk på knappen Sidestilar.

  3. Høgreklikk på eit element i lista over sidestilar og vel Ny.

  4. På fana Handsamar kan du skriva eit namn på sidestilen i feltet Namn.

  5. Gjer éin av desse:

  1. Bruk fanene i dialogvindauget for å setja vala for utsjånaden til sidestilen. Trykk deretter på OK.

Slik legg du til ein sidestil

  1. Trykk på den sida i dokumentet du vil bruka sidestilen på.

  2. Vel Vis → Stilar og klikk på knappen Sidestilar.

  3. Dobbeltklikk på eit namn på lista.

Slik legg du ein sidestil til eni side

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil at den nye sida skal byrja.

  2. Vel Set inn → Fil.

  3. Vel Sideskift.

  4. I boksen Stil vel du sidestilen som skal brukast på den sida som kjem etter eit manuelt sideskift.

  5. Trykk OK.

Sidetal

Om topp- og botntekstar

Laga ein sidestil basert på den gjeldande sida

Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

Formatera topp- og botntekstar

Endra standardmalen