Sidetal

I Writer er sidetalet eit felt som du kan setja inn i dokumentet.

Slik set du inn sidetal

Vel Set inn → Felt→ Sidetal for å setja inn eit sidetal der skrivemerket står.

Tipsikon

Viss du ser teksten «Sidetal» i staden for talet, må du velja Vis → Feltnamn.


Desse felta vert flytte når du legg til eller fjernar tekst. Difor er det er best å setja inn sidetalfeltet i ein topptekst eller botntekst, som har den same plasseringa og er brukte på alle sider.

Vel Set inn → Topptekst og botntekst → Topptekst → (namn på sidestil) eller Set inn → Topptekst og botntekst → Botntekst → (namn på sidestil) for å leggja til ein topptekst eller ein botntekst til alle sidene med den gjeldande sidestilen.

Slik byrjar du med eit vald sidetal

Nokre gongar vil du kanskje ha meir kontroll over sidenummereringa i dokumentet. I dette eksempelet vil du at tekstdokumentet skal byrja med side 12.

  1. Trykk i det første avsnittet i dokumentet.

  2. Vel Format → Avsnitt.

  3. I området «Skift» slår du på Set inn. Slå på Med sidestil for å kunna setja inn det nyeSidetalet. Trykk på OK.

Merknadsikon

Det nye sidetalet er ein eigenskap av det første avsnittet på sida.


Slik formaterar du sidetalsstilen

Kanskje ønskjer du sidetal som romartala i, ii, iii, iv og så vidare.

  1. Dobbeltklikk rett før sidetalsfeltet. Dialogvindauget Rediger felt kjem fram.

  2. Vel eit talformat og trykk på OK.

Bruka ulike sidetalsstilar

Kanskje ønskjer du at nokre av sidene skal ha sidetal som romartal og at nokre skal ha ein annan stil.

I Writer treng du ulike sidestilar. Den første sidestilen har ein botntekst med eit sidetalfelt formatert for romarske tal. Dei følgjande sidestilane har ein botntekst med eit sidetalfelt i ein annan stil.

Begge sidestilane må vera skilde av eit sideskift. I Writer kan du ha automatiske sideskift og manuelle sideskift.

Kva som er best er avhengig av dokumentet: Å bruka manuelle sideskift mellom sidestilar, eller automatiske skift. Viss du berre treng ei tittelside med ein annen stil enn dei andre sidene, kan du bruka den automatiske metoden:

Slik legg du ein annan sidestil til den første sida

  1. Trykk på den første sida i dokumentet.

  2. Vel Vis → Stilar.

  3. Klikk på knappen Avsnittsstilar i vindauget for Stilhandsamar.

  4. Dobbeltklikk på stilen Første side.

No har tittelsida di stilen Første side og dei neste sidene får automatisk stilen Standard.

Nå kan du for eksempel setja inn ein botntekst berre for sidestilen «Standard» eller setja inn botntekstar på begge sidestilane, men med ulikt formaterte sidetalsfelt.

Slik legg du til eit manuelt skift av sidestil

  1. Klikk i byrjinga av det første avsnittet på sida der ein annan sidestil skal brukast.

  2. Vel Set inn → Manuelt skift. Dialogvindauget Set inn skift kjem fram.

  3. Vel ein stil i listeboksen Stil. Du kan også setja eit nytt sidetal. Trykk på OK.

Den valde sidestilen vert brukt frå det gjeldande avsnittet til det neste sideskiftet med stil. Du må kanskje laga den nye sidestilen først.

Setja inn sidetal i botntekstar

Om topp- og botntekstar

Ulike sidestilar på par- og oddetalssider

Laga ein sidestil basert på den gjeldande sida

Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

Formatera topp- og botntekstar