Endra sidebakgrunn

LibreOffice bruker sidestilar for å velja bakgrunn for sidene i eit dokument. Eit eksempel: For å endra bakgrunnen på éi eller fleire sider i eit dokument til eit vassmerke, kan du oppretta ein sidestil, som bruker dette vassmerket som bakgrunn og deretter bruka denne sidestilen på sidene.

Endra sidebakgrunnen

  1. Vel Vis → Stilar

  2. Trykk på knappen Sidestilar.

  3. Høgreklikk på eit element i lista over sidestilar og vel Ny.

  4. Skriv inn eit namn på sidestilen i feltet Namn på fana Handsamar.

  5. Vel sidestilen som du vil bruka på den neste sida i boksen Neste stil.

  1. Trykk på fana Stilar.

  2. I listeboksen øvst kan du velja om du ønskjer ein farge eller eit bilete til bakgrunn. Deretter kan du velja dei andre inntillingane.

  3. Trykk OK.

Endra sidebakgrunnen på alle sidene i eit dokument

Sjå til at du har laga ein sidestil som bruker sidebakgrunn før du held fram. Sjå Endra sidebakgrunnen for detaljar om det.

  1. Vel Vis → Stilar

  2. Trykk på knappen Sidestilar.

  3. Dobbeltklikk på sidestilen som har den sidebakgrunnen du vil bruka.

Bruka ulike sidebakgrunnar i det same dokumentet

Sjå til at du har laga ein sidestil som bruker sidebakgrunn før du held fram. Sjå Endra sidebakgrunnen for meir informasjon om det.

  1. Trykk framfor det første teiknet i avsnittet du vil skifta sidebakgrunn på.

  2. Vel Set inn → Fil.

  3. Vel Sideskift.

  4. I Stilboksen vel du ein sidestil som brukar sidebakgrunnen.

  1. Trykk OK.

Sidevassmerke

Set inn ein vassmerketekst i bakgrunnen for den gjeldande sidestilen.

Om topp- og botntekstar

Laga ein sidestil basert på den gjeldande sida

Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

Formatera topp- og botntekstar