Bruka snøggtastar (tilgjenge i LibreOffice Writer)

Merknadsikon

Ein del av snartastane kan vera brukte av operativsystemet. Desse tastane vil i tilfelle ikkje vere tilgjengelege i LibreOffice. Du kan løyse dette problemet ved å velja andre snartastar, anten for LibreOffice ved hjelp av Verktøy → Tilpass → Tastatur eller i operativsystemet.


Trykk tastekombinasjonen + <understreka teikn> for å opna ein meny. Trykk den understreka bokstaven i menyen for å køyra ein kommando. Trykk for eksempel + I for å opna menyen Set inn og deretter T for å setja inn ein tabell.

For å opna ein sprettoppmeny, trykk på Skift + F10. For å lukka ein sprettoppmeny, trykk Escape.

Slik set du inn bolkar

  1. Vel Vis → Verktøylinjer → Set inn for å opna verktøylinja Set inn.

  2. Trykk på F6 til fokuset er på verktøylinja Set inn.

  3. Trykk på tasten «Pil høgre» til knappen Bolk er vald.

  4. Trykk på pil ned og deretter pil høgre for å velja breidda på bolken du vil setja inn.

  5. Trykk Enter.

  6. Trykk på F6 for å plassera skrivemerket i dokumentet.

Slik set du inn teksttabellar

  1. Trykk på F6 til fokuset er på verktøylinja Standard.

  2. Trykk på Pil høgre til knappen Tabell er vald.

  3. Trykk på pil ned, og bruk deretter piltastane for å velja talet på kolonnar og rader tabellen skal ha.

  4. Trykk Enter.

  5. Trykk på F6 for å plassera skrivemerket i dokumentet.

Snøggtastar (tilgjengelege i LibreOffice)

Snøggtastar i LibreOffice Writer