Slå saman nummererte lister

Du kan slå saman fleire lister til éi enkelt nummerert liste.

Slik slår du saman etterfølgjande nummererte lister

  1. Vel alle avsnitta som inneheld listene.

  2. Klikk to gongar på knappen Nummerering på/av på verktøylinja Formatering.

Slik lagar du ei nummerert liste frå ikkje-samanhengande avsnitt:

  1. Hald Ctrl-tasten nede, og gjer ei markering i det første nummererte avsnittet. Det er berre nødvendig å markera eitt enkelt teikn.

  2. Hald fram med å halda Ctrl nede, og gjer ei markering i kvart nummerert avsnitt på listene du vil slå saman.

  3. Klikk to gongar på knappen Nummerering på/av på verktøylinja Formatering.

Nummerering og nummereringsstilar

Leggja til ei punktliste

Leggja til nummerering

Slå av punktmerking og nummerering i enkelte avsnitt

Bruka bilettekstar

Oppgje talfølgjer