Setja inn eit Calc-diagram i eit tekstdokument
Du kan setja inn ein kopi av eit diagram i eit tekstdokument. Dette vert ikkje oppdatert når du endrar diagramdataa i reknearket.
-
Opna tekstdokumentet du vil kopiera diagrammet til.
-
Opna reknearket som inneheld diagrammet du vil kopiera.
-
Trykk på diagrammet i reknearket. Åtte handtak dukkar då opp.
-
Dra diagrammet frå reknearket til tekstdokumentet.
Du kan endra storleiken på og flytte diagrammet i tekstdokumentet på same måten som med andre objekt. For å redigera diagramdataa kan du dobbeltklikka på diagrammet.