Tilpassa register

Du kan oppretta så mange tilpassa register som du vil.

Slik lagar du eit sjølvvald register

  1. Merk eitt eller fleire ord du vil leggja til i eit tilpassa register.

  2. Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Indeksoppføring.

  3. Trykk på knappen Brukardefinert ved sida av boksen Register

  4. Skriv inn eit namn på registeret i skrivefeltet Namn og trykk på OK.

  5. Trykk på Set inn for å leggja til dei merkte orda i det nye registeret.

  6. Trykk på Lukk.

Slik set du inn eit sjølvvald register

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil setja inn registeret.

  2. Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi.

  3. I fana Type vel du namnet på den brukardefinerte oppføringa som du laga i Type.

  1. Vel dei innstillingane som skal brukast.

  2. Trykk OK.

Viss du vil bruka ein annan avsnittsstil som ei oppføring i innhaldslista, markerar du avkryssingsboksen Stilar og trykkjer på knappen ved sida av boksen. I dialogvindauget som kjem fram, vel du avsnittsstilen du vil bruka og trykkjer på knappen >> eller << for å velja kapittelnivået for avsnittsstilen.

Laga ei innhaldsliste

Laga stikkord/oppføringar i register eller innhaldslister

Oppdatera, redigera og sletta register og innhaldslister

Formatera eit register eller ei innhaldsliste

Redigera og fjerna stikkord i register og innhaldslister

Laga alfabetiske register

Laga ei litteraturliste

Register som dekkjer fleire dokument