Laga ei innhaldsliste

Den beste måten å laga ei innhaldsliste på er å bruka førehandslaga stilar, som for eksempel «Overskrift 1», på overskriftene til dei avsnitta du vil ha med i innhaldslista. Etter at desse stilane er i bruk, kan du laga innhaldslista.

Slik set du inn ei innhaldsliste

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil laga innhaldslista.

  2. Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi og klikk så på fana Type.

  3. Vel «Innhaldsliste» i Typeboksen.

  4. Vel dei innstillingane som skal brukast.

  5. Trykk OK.

Viss du vil bruka ein annan avsnittsstil som ein stil i innhaldslista, kan du velja avkryssingsboksen Tilleggsstilar i området Opprett frå og så trykkja på Tildel stilar. I dialogvindauget Tildel stilar må du trykkja på ein av stilane i lista og deretter på knappen >> eller << for å setja kapittelnivået for avsnittsstilen.

Slik oppdaterer du ei innhaldsliste

Gjer éin av desse:

Laga stikkord/oppføringar i register eller innhaldslister

Oppdatera, redigera og sletta register og innhaldslister

Formatera eit register eller ei innhaldsliste

Redigera og fjerna stikkord i register og innhaldslister

Laga alfabetiske register

Tilpassa register

Laga ei litteraturliste

Register som dekkjer fleire dokument