Laga alfabetiske register

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil setja inn registeret.

  2. Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi.

  3. Vel «Alfabetisk register» i Type på fana Type.

  4. Vil du bruka ei stikkordfil, vel Stikkordfil i området Innstillingar, trykk på Fil og finn ei stikkordfil som finst frå før, eller lag ei ny.

  5. Vel formateringsinnstillingane for registeret i den gjeldande fana eller i ei av dei andre fanene i dialogvindauget. Viss du for eksempel vil bruka enkeltbokstavar i overskrifter i registeret, trykk på fana Oppføringar og vel Alfabetisk skiljeteikn. For å endra på formateringa for nivå i registeret, trykk på fana Stilar.

  6. Trykk OK.

  7. Høgreklikk i registeret og vel Oppdater register/innhaldsliste for å oppdatera det.

Laga ei stikkordfil

Laga ei innhaldsliste

Laga stikkord/oppføringar i register eller innhaldslister

Oppdatera, redigera og sletta register og innhaldslister

Formatera eit register eller ei innhaldsliste

Redigera og fjerna stikkord i register og innhaldslister

Tilpassa register

Laga ei litteraturliste

Register som dekkjer fleire dokument